Sule Skerry
Sule Skerry er eit særs fjerntliggande skjer i Nord-Atlanteren, utanfor nordkysten av Skottland.
Sule Skerry | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 59°05′N 4°25′W / 59.08°N 4.41°W |
Øygruppe | Orknøyane
|
Areal | 0,16 km²
|
Høgaste punkt | 12 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Orknøyane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Sule Skerry ligg 60 km vest for Orkney Mainland og det næraste naboskjeret er Sule Stack, som ligg 10 km lenger sørevst. Dei fjerntliggande øyane Rona og Sula Sgeir ligg enno lenger vest.
Sule Skerry er 16 hektar stor og om lag 800 meter lang.[1] Skjeret er 12 meter over havet på det høgaste.[2] Det står eit fyr på nordenden av skjeret og ein varde på sørsida.
I følgje Guinness Rekordbok var Sule Skerry fyr det mest fjerntliggande bemanna fyret i Storbritannia frå 1895 til det vart automatisert i 1982. Sidan skjeret låg så langt til havs kunne ein berre bygget fyret om sommaren, så bygginga gjekk føre seg frå 1892 til 1894.
Det ligg ein meteorologisk bøye utanfor Skule Skerry.
Sule Skerry har i lag med Sule Stack status som Special Protection Area (særskild verneområde) og er hekkestad for tusenvis av lundefugl og havsule, samt noko stormsvale og havsvale.
Sule Skerry og Sule Stack høyrer begge til Orknøyane.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sule Skerry» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ SPA description
- ↑ National Geospatial-Intelligence Agency: Sailing Directions (Enroute) Arkivert 2009-06-18 ved Wayback Machine., Pub. 141, Scotland.
Bakgrunnsstoff
endre- Sule Skerry fyr Arkivert 2009-11-16 ved Wayback Machine.