Sumpkrokodille (Crocodylus palustris) er ein krokodilleart som lever i elvar og sumpområde i Sør-Asia. Krokodillen er ikkje kjend for å angripa menneske.

Sumpkrokodille
Sumpkrokodille
Sumpkrokodille
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Sumpkrokodille
Utbreiinga av Sumpkrokodille
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Orden: Krokodilleordenen Crocodilia
Familie: Krokodille Crocodylidae
Slekt: Crocodylus
Art: Sumpkrokodille C. palustris
Vitskapleg namn
Crocodylus palustris

Hannar er større enn hoer, og har ei gjennomsnittslengd på rundt 4 meter. Hoer blir kjønnsmogne når dei er 1,8-2 meter lange. Dei legg 25-30 egg i holer under tørketida. Egg klekker typisk etter 55-75 dagar.[1] Krokodillane grev også holer som kan brukast av éin eller fleire av dei, til dømes for å verna seg mot ekstreme temperaturar.[1]

Sumpkrokodille er rekna som ein sårbar art. I 2013 rekna biologar med at det fanst under 8 700 vaksne eller halvvaksne individ. Han finst i India, Sri Lanka, Nepal, Pakistan og Iran, med dei fleste i dei to første landa. Han er utrydda i Bangladesh, Bhutan og Myanmar. Større bestandar finst i midtløpet til Ganges (i delstatane Bihar og Jharkhand) og Chambal-elva (i Rajasthan og Madhya Pradesh). På Sri Lanka lever om lag halvparten av krokodillane i verneområde som nasjonalparkane Yala og Wilpatu og på Jaffna-halvøya.[1]

Arten er truga av krypskyting, eggsanking og habitattap. Både kjøtet, skinnet og egga er ettertrakta, medan kroppsdelar blir brukt til medisin. Han blir også sett på som ein konkurrent av fiskarar, og er blitt drepen med vilje eller som ei følgje av å vikla seg inn i fiskeutstyr og drukna.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Crocodylus palustris», The IUCN Red List of Threatened Species. Version 2014.1. Downloaded on 18 July 2014.
  • Skei, Jon Kristian. «Sumpkrokodille» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 18. juli 2014.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Sumpkrokodille