Nordmøring

(Omdirigert frå Nordmørsk)
Denne artikkelen handlar om språkforma nordmøring. For folk frå Nordmøre, sjå Nordmøringar.

Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av norsk som blir tala på Nordmøre, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i Hemne kommune i Sør-Trøndelag. Nordmørsdialekten, som saman med fosendialekten og ytre namdalsmål blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trøndske målføre, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, ulik bøying av sterke og svake hokjønnsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, kjønnsdelde adjektiv, og dativ (ikkje i bymål, berre i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dei som er fødde etter 1970). Trekk som varierer mykje mellom dei ulike underdialektane på Nordmøre er tjukk l av historisk (berre ytre Nordmøre), monoftongisering i innlyd (ikkje sunndalsdialekt, sunndalsøramål, kristiansundsdialekt og hemnværing), handsaming av korte trykksterke stavingar (delvis bevarte som kortstavingar i eldre mål frå Eidsøra til innersida av Tustna og i Rindalen; stort sett lengjing av konsonanten dei fleste stadene; og mest lengjing av vokalen i sunndalsdialekten).

Viktige underdialektarEndra

  • Surnadaling (surnadalsdialekt, surnadalsmål)
  • Rindaling (rindalsdialekt, rindalsmål) — dannar ein overgang til inntrøndsk. Svake hokjønnsord har -a i bunden form eintal.
  • Tustning (tustnadialekt, tustnamål)
  • Aurgjelding (auredialekt, auremål)
  • Hemnværing (hemnedialekt, hemnemål)

LitteraturEndra