Lokal folkerøysting

Ei lokal folkerøysting er ei folkerøysting i ein kommune eller eit fylke. Det kan og vere folkerøystingar på andre nivå som ikkje er nasjonalt. Kommunelova seier ingenting om folkerøystingar kan eller må haldast. I følgje lova kan kommunane ikkje arrangere bindande folkerøystingar i kommunale/fylkeskommunale saker utan at det ligg særskilt lovheimel til grunn. Dette hindrar likevel ikkje kommunane/fylkeskommunane i å ha rådgjevande folkerøystingar før avgjerder blir fatta i representative organ.

OpinionsundersøkingarEndra

Kommunane/fylkeskommunane gjennomfører ofte ulike typar opinionsundersøkingar, som til ein viss grad er formalisert i lovverket. Det gjeld mellom anna Plan- og bygningslova, der det blir lagt stor vekt på informasjon og at innbyggjarane skal kunne uttale seg om eventuelle planforslag. Tilsvarande står det i inndelingslova at kommunestyret bør sørgje for å få fram synspunkta til innbyggjarane om endring av kommunegrensene. Og vidare, at ei slik høyring kan ta form av ei folkerøysting, opinionsundersøking, spørjeundersøking eller liknande (Ot.prp.nr.44 2004-2005). Endeleg vart det i 2003 innført ein forslagsrett i Kommunelova. Regelen pliktar kommunestyret/fylkestinget til å ta stilling til forslag som gjeld kommunal verksemd, om minst 2 prosent av innbyggjarane eller 300 personar i kommunen krev det. Departementet har gått ut frå at denne regelen også kan bli brukt til å krevje at kommunestyret tek spørsmålet om å halde ei folkerøysting opp til vurdering, men at fleirtalet i kommunestyret i så fall står fritt til å avgjere om det skal haldast folkerøysting eller ikkje (Ot.prp.nr.44 2004-2005:13).

Folkerøystingsinstituttet har likevel vore eit viktig innslag i lokaldemokratiet. Både i alkohol- og språkpolitikken har særlovgjevinga gjort at folkemeininga har spelt ei avgjerdande rolle for politikkutviklinga. Om lag halvparten av dei 514 lokale folkerøystingane i perioden 1970-2000 har handla om opplæringsspråk i skulen, medan drygt ein fjerdedel har dreidd seg om sal - og skjenkeløyve av alkohol. Begge representerer politikkområde der dei politiske motsetnadane historisk like mykje har gått gjennom dei politiske partia som mellom dei (Stein Rokkan 1987). Reglane i alkohollova om rett til å krevje rådgjevande folkerøysting om omsetjing av alkohol fall bort i 1989. Kommunane skal no gje løyve etter søknad etter å ha innhenta opplysningar frå helse- og sosialstyret og frå politiet. I dag er det berre spørsmålet om målform i skulen som er omfatta av retten til å krevje folkerøysting. I Opplæringslova heiter det: «I samband med skifte av hovudmål, eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre krev det, skal det haldast rådgjevande folkeavstemming» (Ot.prp.nr.44 2004-2005:13).

Folkerøysting om alkoholpolitikkenEndra

Det er viktig å merke seg at i alkoholpolitikken har lovgjevinga opna for både bindande lokale folkerøystingar og direkte initiativ (NOU 1995:24). Kommunane har heilt frå 1837 vore ein viktig kamparena for fråhaldsrørsla. Allereie då vart det innført reglar som gjorde det naudsynt med kommunalt løyve for å selje eller skjenke brennevin på landsbygda. I 1869 blei øl og vin underlagt det same regelverket. Brennevinslova frå 1894 slo fast at lokale folkerøystingar skulle avgjere kva byar som skulle ha samlag. Røystereglane blei utforma slik at dei favoriserte den rådande situasjonen ved at dei som ikkje møtte fram på valdagen vart tekne til inntekt for status quo. I 1918 blei lova endra for å gjere det vanskelegare å opprette nye samlag, og tilsvarande lettare å leggje ned eksisterande. Lova sa no at dei som ikkje møtte fram på valdagen skulle telje som om dei hadde stemt mot samlag. Frå vinmonopolet blei danna i 1922 skifta fråhaldsrørsla hovudkursen frå å vilje avskaffe alkoholomsetnaden til å gå for større regulering. Frå då av var det berre kommunestyra som kunne gje løyve til sal og skjenking av vin og øl. Eit vinmonopolutsal kunne berre opprettast eller nedleggast etter at det var arrangert ei lokal folkerøysting. I 1918 vart røystereglane endra slik at det vart kravd eit fleirtal blant dei frammøtte for å endre situasjonen i ein kommune. I 1956 opna ein for å halde bindande lokale folkerøystingar i samband med sal eller skjenking av øl og vin. I 1967 blei reglane for folkerøysting for å få kommunalt løyve til sal eller skjenking av brennevin, vin og øl likestilt. Det var ikkje lenger eit vilkår for å få løyve at det vart halde bindande avstemming. Derimot skulle det haldast bindande folkeavstemming om 5 prosent av dei røysteføre i kommunen kravde det. Medan folkerøystingane fram til 1920-talet var ein nyttig reiskap fråhaldsrørsla nytta for å få stengt alkoholkranane, vart folkerøystingsinstituttet frå midten av 1920-talet eit reiskap for å opne kranane. I 1993 var det berre 26 kommunar utan alkoholutsal, og 18 kommunar der det ikkje vart skjenka alkohol.

Folkerøysting om opplæringsmålEndra

I språksaka lanserte riksmålsrørsla ideen om folkerøysting, medan målfolket nådde fram med strenge reglar for at utfallet skulle vere bindande. Reglane for folkeinitiativ vart utforma slik at det vart kravd fem gonger så mange underskrifter for å få i stand ei språkrøysting som ei alkoholrøysting. Dette hindra likevel ikkje at nynorsken tapte terreng i perioden etter krigen. Røyserettsreglane har vore eit viktig stridsspørsmål i debatten om språkrøystingane. Målfolket meinte alle innbyggjarar skulle ha røysterett sidan språkforma i skulen gjaldt alle innbyggjarane, ikkje berre foreldra. Frå 1915 sa reglane at eit fleirtal i skulestyret kunne vedta å halde språkrøysting, alternativt kunne folket gripe inn ved folkeinitiativ. Ein fjerdedel av dei røysteføre i skulekrinsen kunne krevje folkerøysting. I perioden 1971-85 vart røysteretten avgrensa til foreldre og føresette og resultata av avrøystingane vart gjort bindande. Dette favoriserte riksmålet, noko som førte til at Stortinget i 2000 vedtok ei ordning der alle fekk høve til å stemme. Nesten alle språkrøystingane sidan 1965 har vore haldne i skulekrinsar der nynorsk var opplæringsmål. Språkrøystingane har historisk retta seg eintydig mot nynorsken, men no favoriserer reglane nynorsken ved å ha strenge krav til folkeinitiativ. Ein brei definisjon av kven som skal ha røysterett blir i dag sett på som nødvendig for å demme opp for nynorsken sin tilbakegang.

Folkerøysting om kommuneinndelingEndra

Kommuneinndeling har vore eit anna viktig tema for lokale folkerøystingar. 58 av 514 avrøystingar i perioden 1970-2000 har omhandla slike spørsmål. Av dei 8 prosent av kommunane som rapporterer å ha gjennomført folkerøystingar i perioden 2000-2003, har rundt halvparten handla om kommuneinndeling (Hovik og Stigen 2004:116). Tematisk famnar desse ei rekke problemstillingar frå kommunesamanslåingar, lausrivningar, eller byte av fylke for ein kommune. Spørsmålet om kommuneinndeling har endra karakter over tid. På byrjinga av 1990-talet vedtok Stortinget samanslåing trass i massiv motstand frå fleire involverte kommunar. Eksempelvis var over 90 prosent av innbyggjarane i kommunane rundt Fredrikstad imot samanslåing, men det vart likevel vedteke i Stortinget. I ettertid har Stortinget vedteke at kommunar ikkje skal bli slått saman mot eiga vilje, men dette er ikkje nedfelt i lovverket. Inndelingssaker blir avgjort i Stortinget, men inndelingslova tilseier at innbyggjarane skal bli høyrt. I nyare tid har kommunane også gjennomført enkelte folkerøystingar der miljøpolitiske tema er sett på dagsorden.

Talet på folkerøystingar i Noreg og andre nordiske land= I sum har nesten halvparten av landets kommunar erfaring med lokale folkerøystingar (Adamiak 2002). Samanlikna med andre nordiske land har folkerøystingsinstituttet spelt ei viktig rolle i det norske lokaldemokratiet. Medan Danmark har hatt 47 lokale folkerøystingar i perioden 1970-1993, Sverige 46 mellom 1977 og 1999, Finland rundt 40, har det blitt arrangert heile 514 folkerøystingar i norske kommunar i perioden 1970-2000 (Adamiak 2002, Taube 2004, Sutela 1999, Walin 1997).

InnbyggjarinitiativEndra

Kommunelova (§ 39a) sin regel om innbyggjarinitiativ er ein av få lovendringar dei seinare år som har opna for alternative deltakingskanalar i lokalpolitikken. Regelen tilseier at lokalpolitikarane ikkje lenger har einerett til å fremje saker til handsaming i dei politiske organa. Ordninga skulle medverke til å fange opp eit aukande saksorientert politisk engasjement og kanalisere dette inn i det representative demokratiet. I ein forskingsrapport utført på oppdrag av lokaldemokratikommisjonen har Jan Erling Klausen og Dag Arne Christensen sett på enkelte erfaringar med ordninga. Under­søkinga dekker eit tidsrom på om lag eitt år og åtte månader og resultata må bli sett i forhold til det. Tre hovudtema med påfølgjande spørsmål vert studert. 1) innbyggjarinitiativet som deltakingskanal: Er ordninga ofte i bruk? Kven tek initiativ, og i kva saker? 2) Kommunane sin respons: Korleis reagerer kommunane? Er nålauge for å få politisk gjennomslag trongt? Og, 2) kommunal variasjon: Er det samanhengar mellom trekk ved kommunane (stor/liten, tettbygd/spreiddbygd, høg/låg valdeltaking) og reforma si politiske gjennomslagskraft?

Hyppig brukEndra

Hovudfunna i undersøkinga er at innbyggjarinitiativet er forholdsvis ofte brukt i kommunane. Føreset ein at kommunane som svarte på undersøkinga er representative for alle norske kommunar, så er initiativretten nytta i om lag 75 av 433 kommunar, i nokre av dei fleire gonger. Dess fleire innbyggjarar i kommunen, dess meir blir initiativretten nytta. Innbyggjarinitiativet ser ikkje ut til å vere eit vidare effektivt verkemiddel for å få politisk gjennomslag. Vanlegvis vert initiativa avviste eller nedstemte – dette har skjedd i nær tre av fire tilfelle. Eitt at ti initiativ har vunne fram etter avrøysting i kommunestyret. Ein stor del av initiativa vert avviste på formelt grunnlag. Om saka (på ein eller annan måte) har vore innom kommunestyret/bystyret så er hovudregelen at saka vert avvist. Forskarane konkluderer med at kommunane har lagt seg på ei streng fortolking av kommunelova sin paragraf 39a. Endeleg er det relativt stor spreiing i initiativa sitt politiske innhald. Eit gjennomgåande trekk er likevel at sakene dreier seg om den nære lokalpolitikken. Det vil seie konkrete og fysiske forhold. Vegstubbar, bygningar og parkar dominerer. Det er i hovudsak laust organiserte grupper som startar initiativa. Dei permanente og etablerte lokale foreiningane er relativt svakt representerte blant initiativtakarane.

Lokale folkerøystingar i andre land: Reglar og erfaringarEndra

Vallovutvalet viser at bruken av nasjonale folkerøystingar har auka over tid (NOU 2001:3). Halvparten av dei nasjonale folkerøystingane i verda har funne stad i perioden etter 1970. Fram til 1993 hadde det på verdsbasis blitt arrangert om lag 800 landsomfattande folkerøystingar. Litt over halvparten av desse (414 av 799) vart haldne i Sveits. Enno er det land som aldri har gjennomført folkerøystingar på nasjonalt nivå, og land som er svært tilbakehaldne på området (Tyskland, Storbritannia og Belgia). Utviklinga i retning av eit større innslag av direkte demokrati på det nasjonale nivået ser dermed ut til å gjelde eit fåtal land. Dette er ikkje tilfelle på lågare styringsnivå.

Trass i at lokale folkerøystingar ikkje er blitt kartlagde i same grad som dei nasjonale, er det grunn til å tru at folkerøystingar er langt meir vanleg på lokalnivået. Ei årsak er at dei tekniske og politiske barrierane gjerne er lågare lokalt enn nasjonalt. Underskriftskravet vil vere proporsjonalt lågare slik at politisk mobilisering og koordinering krev mindre organisering enn i ein nasjonal kampanje. Tradisjonelle argument mot direkte demokrati ser også ut til å ha mindre tyngde på lokalnivået. Små einingar skal nemleg gjere det lettare for innbyggjarane å ha oversikt over både innhaldet og samanhengane i politikken. Motargumentet er sjølvsagt at nærleik og oversyn gjer lokalpolitikarane betre rusta til å vere lydhøyre overfor folkeviljen slik at folkerøystingar burde vere overflødige. Tabellen viser at lokale folkerøystingar er tatt inn i lovgjevinga i mange europeiske land på 1990-talet.

Lovgjeving om lokale folkerøystingar i enkelte europeiske land.Endra

Land År Type tiltak innført Austerrike 1984 Bindande lokale folkerøystingar Belgia 1995 Lokal rådgjevande initiativ Finland 1990 Lokale rådgjevande folkerøystingar Frankrike 1992 Lokale rådgjevande folkerøystingar Tyskland 1980-90 talet Lokale bindande folkerøystingar i dei fleste delstatar Italia 1990 Lokale rådgjevande folkerøystingar Luxemburg 1988 Lokale rådgjevande folkerøystingar Nederland 1994 Lokale rådgjevande folkerøystingar Spania 1985 Lokale rådgjevande folkerøystingar Sverige 1977 Lokale rådgjevande folkerøystingar Storbritannia 1972 Lokale folkerøystingar teke bort

I litteraturen om folkerøystingar er spørsmålet om det finst folkeinitiativ eller ikkje viktig for å vurdere innslaget av direkte demokrati. Der folkeinitiativ førekjem utgjer folkerøystingsinstituttet ein svært viktig del av det politiske systemet. Med det som bakteppe er det mogleg å klassifisere ulike land etter omfanget av direkte demokrati. Ei svak form for direkte demokrati er fakultativ konsultativt referendum, der eit folkevald organ sjølv vedtek å høyre folket si meining utan å forplikte seg til å følgje utfallet. Eit sterkt innslag vil vere land med direkte folkeinitiativ og bindande folkerøystingar.

Med dei nordiske landa som utgangspunkt har både Sverige og Finland reglar om lokale rådgjevande folkerøystingar, medan dei danske og norske kommunelovene er utan slike reglar. Medan Noreg har innslag av folkeinitiativ (målform) har ingen av dei andre landa reglar der innbyggjarane åleine kan krevje folkerøysting i visse saker.

DanmarkEndra

I Danmark kan kommunane arrangere folkerøystingar, men utfallet er rådgjevande. Dansk særlovgjeving har tidlegare opna for folkerøysting/folkeinitiativ. I mellomkrigstida og i perioden like etter krigen kunne medlemane av soknerådet, eller 35 prosent av dei røysteføre i ein landkommune, krevje at løyve til sal av brennevin skulle bli avgjort ved bindande folkerøysting. I tillegg har Danmark hatt reglar i folkeskulelova om obligatoriske folkerøystingar i samband med nedlegging av skular. Denne regelen vart fjerna i 1998. Fram til 2002 opna kommuneinndelingslova for at kommunane kunne arrangere rådgjevande folkerøystingar før ei avgjerd om endra inndeling (ibid.). I 1997 drøfta Folketinget eit forslag frå Socialistisk Folkeparti (SF) om bindande lokale folkerøystingar med initiativrett for både kommunar og amt. Forslaget innebar at folkerøysting skulle bli utløyst om minst 10 prosent av dei røysteføre sette fram eit slik krav. Det vart også føreslått ein forslagsrett der 5 prosent av dei røysteføre skulle kunne krevje at eit forslag vart handsama i kommunestyre/amtsrådet. Folkerøystingar skulle, i følgje forslag, ikkje kunne nyttast i spørsmål som gjekk på budsjettet, lokalisering, minoritetar sine levekår eller i spørsmål som kunne ha konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar. Forslaget vart ikkje følgt opp av Folketinget.

SverigeEndra

Sverige har to inntak til folkerøystingar; rådgjevande folkerøystingar initierte av kommunestyra, og (delvis) innbyggjarinitierte røystingar. Reglar om lokale rådgjevande folkerøystingar vart innført i Sverige i 1977, justert i den nye Kommunelova i 1991 og i lokaldemokratikomiteens innstilling i 1992. Lova seier at eit fleirtal i kommunestyret kan vedta å innhente synspunkt frå innbyggjarane i førebuinga av ei sak. Regelen har utløyst 52 røystingar i perioden 1977-1999, 46 folkerøystingar og 6 opinionsundersøkingar. I perioden 1977-1992 er det reist krav om totalt 100 folkerøystingar innan rammene av det representative systemet. Ein fjerdedel har resultert i konkrete avstemmingar. Dei fleste forslaga er lanserte i Stockholm der nye og mindre parti har brukt ordninga for å utfordre dei større og meir etablerte partia. Eit sentralt tema i kommunane rundt Stockholm har vore bruken av bompengar. Eit anna viktig spørsmål har vore kommuneinndeling. Også det svenske inndelingslovverket gir kommunane rett til å innhente synspunkt frå veljarane ved hjelp av folkerøysting, opinionsundersøking eller liknande. Gjeve at svenske lokale folkerøystingar er rådgjevande, har ein forfatningsdomstol slått fast at regelverket ikkje hindrar kommunane i å halde avrøysting i saker som ligg utanfor deira kompetanseområde. Av alle dei lokale folkerøystingane i Sverige er 60 prosent gjennomførte på same dag som eit ordinært val (eller nasjonal folkerøysting), noko som har medverka til å trekkje valdeltakinga opp.

I 1994 opna Sverige (med Finland som førebilete) for at innbyggjarane skulle kunne utløyse folkerøystingar. I praksis er det likevel politikarane som avgjer om det blir arrangert avrøystingar eller ikkje. Regelverket har av den grunn blitt kritisert for å ha preg av «skinndemokrati». Underskriftskravet er sett til 5 prosent av dei røysteføre i kommunen eller landstinget. Initiativet skal vere skriftleg, fastslå den aktuelle saka og innehalde underskriftene og adressene til initiativtakarane (Walin 2000). For å utløyse folkerøysting må to tredeler av representantane i kommunestyret/landstinget stemme for. Utfallet av ei eventuell avrøysting er rådgjevande. I perioden 1994-2004 har det blitt fremja om lag 80 folkeinitiativ. Berre fem har resultert i folkerøysting. Kommunestyra har fungert som ein effektiv propp mot innslaget av folkeinitiativ, noko som har sett fart i debatten om ordninga.

Endeleg har Sverige frå 1 juli 2002 innført ein regel om medborgarförslag i kommunelova (Dagens Samhälle nr.13 2005). Regelen tilseier at alle innbyggjarar, inkludert born og unge, i prinsipp har fått den same forslagsretten som dei folkevalde. Men, det er fritt for kommunane/landstinga å innføre reforma. 182 kommunar og 7 landsting har til no innført retten for innbyggjarane til sjølve å komme med forslag direkte til kommunestyra. I følgje Dagens Samhälle er det ein tendens til at fleire kommunar overlet forslaga direkte til dei ulike nemndene i staden for til kommunestyra. Dette skal vere i strid med forslaget frå Riksdagen, der det vart slått fast at forslag frå innbyggjarane skulle handsamast på same måte som andre forslag. Nyleg er desse reglane endra ved at kommunane har fått større fridom til å delegere medborgarforslaga til nemndene (Dagens Samhälle 25.01.2006).

FinlandEndra

Finland har reglar om rådgjevande folkerøystingar, innbyggjarinitiativ og lokal forslagsrett (Sutela 1999, Taube 2004). Reglar om rådgjevande folkerøystingar kom inn i den finske Kommunelova i 1990 og vidareutvikla i den nye Kommunelova i 1995. Finske kommunar kan (som i Sverige) avgjere om dei vil legge ei sak ut til folkerøysting. I tillegg kan 5 prosent av dei røysteføre ta eit tilsvarande initiativ, men det må eit fleirtal i kommunestyret til for å utløyse ei folkerøysting. Etter 1990 er det gjennomført 39 folkerøystingar, heile 36 av desse har handla om kommunesamanslåingar. To andre om planlagde vegprosjekt, og begge vart initierte av innbyggjarane. Valdeltakinga har variert frå 39 prosent til 80 prosent. I tillegg har den finske Kommunelova ein regel som gir innbyggjarane forslagsrett. Regelen tilsvarar den norske slik at 2 prosent av dei røysteføre i ein kommune kan medverke til at ei sak innan kommunen sitt ansvarsområde blir sett på dagsorden.

USAEndra

Dei amerikanske delstatane har ansvaret for sine eigne vallover og avgjer sjølve innslaget av direkte demokrati . Bruken av folkerøystingar/folkeinitiativ varierer sterkt mellom delstatane. I den amerikanske valkampen i 1998 vart det eksempelvis arrangert folkerøystingar i totalt 61 saker fordelt på 17 delstatar. Talet på folkerøystingar i amerikanske delstatar har auka frå 190 på 1980-talet til om lag 350 på 1990-talet. Rundt halvparten av delstatane tillet folkeinitiativ. Grensene for kor mange underskrifter som skal til for å utløyse ei folkerøysting varierer kraftig. Til dømes er det i Nord Dakota nok at 2 prosent av befolkninga skriv under for å utløyse ei folkerøysting. I enkelte delstatar finst det også tilleggskrav om at underskriftene skal ha ei viss geografisk spreiing.

CaliforniaEndra

California har hatt flest folkeinitiativ, og frå 1950-talet av er det arrangert mellom 30 og 40 folkerøystingar i året. I California har folkeinitiativ (om endringar av konstitusjonen og lovforslag), folkerøystingar (om lovgjeving) og tilbakekallingsrett av representantar hatt plass i delstatskonstitusjonen frå 1911.

EuropaEndra

SveitsEndra

I Europa er Sveits det klassiske dømet på eit land der det direkte demokratiet står sterkt. Spesielt gjeld det lokalnivået. Sveits har 26 kantonar med sterkt varierande innslag av direkte demokrati. Den folkelege initiativretten er spesielt utbreidd i store kommunar og i dei fransktalande delane av Sveits som har lokale parlament. I mindre kommunar (85 prosent av kommunane) blir det arrangert lokale folkemøte to til fire gonger i året der innbyggjarane kan røyste over forslag som kommunestyra legg fram. I løpet av møta er det også mogleg å endre på innhaldet i framlegga og i tillegg kan innbyggjarane i kommunar med slike møter, ta initiativ gjennom å samle inn underskrifter for å få til ei folkerøysting mot forslag eller avgjerder som kommunestyra har tatt. Ordninga kan til og med nyttast for å protestere mot avgjerder som er tatt av folkemøta. I store kommunar kan innbyggjarane bruke folkeinitiativ både for å protestere mot avgjerder som er tatt og til å sette nye saker på dagsorden. I fleire større kommunar er det vanleg med obligatorisk folkerøysting om kommunestyret vedtek prosjekt der utgiftene er over ei viss grense. I den sveitsiske debatten er det fokus på å gjere folkerøystingsinstituttet meir fleksibelt, for med det å redusere talet på folkerøystingar.

TysklandEndra

Tyskland har også innført direktedemokratiske tiltak etter samlinga av landet i 1989. Dei fleste delstatar har gitt innbyggjarane høve til å ta initiativ til folkerøysting. I enkelte kommunar kan også eit mindretal i kommunestyra ta eit slikt initiativ. Når det gjeld innbyggjarutløyste avrøystingar, varierer underskriftskrava sterkt mellom dei ulike delstatane. Generelt er reglane strenge, slik at berre dei færraste og best organiserte initiativa klarer krava. Initiativtakarane må samle inn underskrifter frå mellom 4 til 20 prosent av dei røysteføre i løpet av eit svært kort tidsrom. I tillegg er det strenge deltakingskrav for at resultatet av ei folkerøysting skal vere bindande. Ved simpelt fleirtal må mellom 25 og 30 prosent av dei røysteføre vere på vinnarsida. Budsjettspørsmål er unnateke frå regelverket. Dei direktedemokratiske tiltaka ser førebels ut til å spele ei moderat rolle i lokalpolitikken.

NederlandEndra

Nederland har innført rådgjevande lokale folkerøystingar, og enkeltkommunar har innført initiativrett der folket har ein viss vetorett i enkeltsaker. Reglane for at resultatet frå ei innbyggjarutløyst avrøysting skal vere bindande er strenge. Nederland har hatt om lag 100 lokale folkerøystingar sidan 1912. Av 537 kommunar, har om lag 61 innført eigne reglar om folkerøystingar i løpet av 1990-talet. Tematisk sett har dei 101 folkerøystingane omhandla kommunesamanslåing (51), byggeprosjekt (15), reorganisering av det lokale styringssystemet (11) og trafikk og parkering (5).

KjeldeEndra

NOU 2006:7, Det lokale folkestyret i endring?