Sunnhordland Interkommunale Miljøverk

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) er ei avfalls- og attvinningsverksemd som held til i Svartasmoget på Fitjar. Dei er ansvarleg for avfallshandsaminga i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. SIM vart skipa i 1990 og handsamar avfall frå 55 000 innbyggjarar og 15-20 000 hytteeigarar i desse kommunane. SIM opererer med eit tredunksystem i alle kommunane sine, ein dunk for matavfall (denne er valfri om ein sjølv vel å kompostere), ein for papiravfall og ein for restavfall.

Hovudanlegget i Svartasmoget opna i 1993. Avfallet frå dei medverkande kommunane vert køyrd hit og teke hand om. Ein har ei fylling for restavfall, ein komposteringsplass for matavfall og slam, i tillegg til lager- og administrasjonsbygg. Det er òg plassert ut bringepunkt for glas og hermetikkboksar rundt om i kommunane, og det er lagt opp til at ein kan sortere ut farleg avfall, elektronisk avfall, kuldemøblar, trevirke, metall, plast og hageavfall i tillegg til anna. Dette må derimot kvar enkelt bringe sjølv til næraste miljøstasjon.

SIM har to dotterselskap, SIM Næring AS og SIM Transport AS, som har eigne styre og generalforsamlingar:

  • Sim Næring AS vart oppretta i 1997 for å ha eit tilbod til det konkurranseutsette avfallet frå næringslivet. Sim Næring AS er medlem av Retura som består av avfallsselskap over heile landet som tener næringslivet. Selskapet held til på Eldøyane ved Aker Stord og er der Aker Kværner sin samarbeidspartnar i samband med opphoggingsprosjekt frå olje- og gassmarknaden.
  • Sim Transport AS vart oppretta i 2001. Selskapet driv transporttenester, hovudsakleg i Sunnhordland og på Haugaland, i tillegg til andre stader i landet og i Europa. Sim Transport har i dag renovasjonskontrakter med Sunnhordland Interkommunale Miljøverk og Karmøy kommune, som til saman utgjer 91 000 innbyggjarar og 20 000 fritidsbustader. Selskapet har hovudkontor på Eldøyane på Stord, i tillegg til avdelingskontor på Karmøy.

Deponiet endre

Sjølve deponiet vert drive slik at ein berre tømmer avfall i avgrensa område av deponiet som så vert pressa saman av ein kompaktor (bulldosarliknande køyretøy). Dette vert gjort for å hindre sjølvtenning, unngå skadedyr og fuglar, og redusere luktulempen, i tillegg til at ein får plass til meir avfall. Ei open celle vert minimum dekt til ein gong i veka for å hindre flygeavfall, redusere lukt og for å betre utsjånaden til deponiet.

Sigevatn endre

Nedbrytingsprossessar i avfallet fører til forureina vatn som potensielt kan sige ned i grunnvatnet. Derfor er det bygd eit nettverk av røyr og kanalar under deponiet, som fører sigevatnet til eit reservoar eller fangdam, som er omgjeve av fjell slik at det ikkje renn vidare til områda utanfor deponiet. Frå reservoaret vert vatnet ført via røyr til 70 meters djup i Stokksundet, mellom Stord og Bømlo. Det vert teke kontroll av sigevatnet 12 gongar i året og vassdraga og grunnvatnet i nærleiken vert kontrollert fleire gonger i året. I tillegg vert det gjort ei miljøgransking i Stokksundet kvart fjerde år.

Gasshandsaming endre

Eit avfallsdeponi produserer store mengder metangass, som er ein kraftig drivhusgass. I Svartasmoget er det bygd 18 brønnar der eit anlegg syg gassen ut av deponiet til eit gasshus, der han vert brend.

Kompostering endre

Alt matavfall i dei sju kommunane vert køyrt til ein komposthall i Svartasmoget. Her vert det blanda med strø og lagt i rekkjer, som det vert blåst luft under. Etter tre-fire månader er komposteringsprossessane fullført og resultatet er mange tonn med mold, som vert seld ut igjen til abonnentane.

I tillegg til matavfall samlar SIM òg kloakkslam frå slamtankar som ikkje er knytte til det kommunale nettet. Dette vert transportert til Svartasmoget for kompostering.

Bergensboset endre

Medan Bergen kommune bygde nytt forbrenningsanlegg i Rådal tok Svartasmoget imot alt avfall frå Bergen mellom oktober 1995 og september 1999. Avfallet vart køyrt i trailer på trailer kvar einaste vekedag. Dette tente selskapet godt på og det vart mellom anna gjeldfritt og kunne gjere nye investeringar mykje tidlegare enn planlagt. Dette førte òg til at fleire vegstykke langs Riksveg 545 frå Sandvikvåg til Svartsmoget vart opprusta, mellom anna for å kunne handsame den auka trailertrafikken. Dette nyt kommunen godt av i dag.

Bakgrunnsstoff endre