Superstition
Singel av Stevie Wonder
frå albumet Talking Book
B-side

«You've Got It Bad Girl»

Utgjeve 24. oktober 1972
Innspelt 1972 in New York City
Sjanger
Lengd
  • 4:26 (albumversjon)
  • 4:07 (7"-versjon)
Selskap Tamla
Tekstforfattar Stevie Wonder
Låtskrivar(ar) Stevie Wonder
Produsent Stevie Wonder, Malcolm Cecil, Robert Margouleff
Stevie Wonder-kronologi 
«Keep on Running»
(1972)
Superstition «You Are the Sunshine of My Life»
(1973)


«Superstition» er ein song av den amerikanske songaren Stevie Wonder. Han kom ut som den første singelen frå albumet Talking Book (1972) på Tamla.[1] Teksten i songen omhandlar hovudsakleg overtru (superstition på engelsk),[2] og dei negative følgjene overtru kan føre til.

Songen gjekk til topps i USA[2] og nådde toppen av soul-lista.[3] Songen var den første førsteplassen til Wonder sidan «Signed, Sealed, Delivered, I'm Yours» og toppa Billboard Hot 100 i 1973.[4] I Storbritannia nådde singelen 11. plassen på singellista i februar 1973. I november 2004 rangerte Rolling Stone songen på 74. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Låtskriving og innspeling endre

Jeff Beck likte godt musikken til Wonder, og Wonder fekk nyss i dette før han spelte inn Talking Book. Sjølv om han på dette tidspunktet praktisk talt spelte alle instrumenta på songane sine sjølv, ønskte Wonder likevel å la andre gitaristar spele på platene sine, og han likte ideen om eit samarbeid med Beck. Beck spelte på albumet mot at Wonder skulle skrive ein song til han.

I mellom albuminnspelinga kom Beck opp med opningstrommene. Då Wonder høyrde trommene bad han Beck improvisere over dette. Wonder enda opp med å improvisere det meste av songen, inkludert riffet. I tillegg til opningsrytmen skapte Beck og Wonder den første demoen av songen seinare den dagen.[5][6]

Då teksten, arrangementet, produksjonen og innspelinga av songen var klar, let Wonder Beck få spele inn «Superstition» som ein del av avtalen deira. Opphavleg skulle Beck gje ut sin versjon først, med den nye powertrioen sin Beck, Bogert & Appice. Men då debutalbumet deira vart forseinka, og Motown-sjefen Berry Gordy meinte at «Superstition» hadde potensialet for å bli ein stor hit, enda Wonder opp med å gje ut songen som den første singelen frå Talking Book, fleire månader før Beck sin versjon.[7]

På Wonder si innspeling vart opningsrytmen spelt av Wonder på eit trommesett som Scott Mathews skaffa ved Record Plant i Hollywood. Det funky clavinet-riffet riff vart spelt på ein Hohner Clavinet model C, Moog synthesizer-bass, og vokalen vart framført av Wonder. I tillegg inneheld innspelinga trompet og tenorsaksofon, spelt av høvesvis Steve Madaio og Trevor Laurence.[8]

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste (1972–73) Plassering
Belgia 16
Canada RPM 6
Tyskland 21
Nederland 10
UK 11
U.S. Billboard Hot 100 1
US Billboard R&B 1
US Billboard Adult Contemporary 38

Årslister endre

Liste (1973) Plassering
Canada 75
US Billboard Hot 100[9] 26

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[10] Platina 50 000*
Storbritannia (BPI)[11] Platina 600 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre innspelingar endre

Wonder framført ein live-i-studio-versjon av «Superstition» på Sesame Street i 1973, episode 514. Denne versjonen kom sidan ut på Songs from the Street: 35 Years in Music.[12][13]

Jeff Beck spelte inn sin versjon av songen med powertrioen Beck, Bogert & Appice. Dette kom ut på sjølvoppkalla debutalbumet deira. Det inneheld berre to vers og skil seg frå Stevie Wonder-versjonen.

Stevie Ray Vaughan spelte inn eit konsertopptak av songen i 1986 som kom ut på singel frå albumet hans Live Alive. Det vart òg laga musikkvideo til singelen, som syner mange overtruiske element, mellom anna ein svart katt. Videoen vert avslutta med eit klipp der Wonder held den svarte katten. Wonder og Vaughan framførte songen i lag i 1989 på MTV-programmet Stevie Wonder: Characters.[14]

Det britiske reggaebandet UB40 spelte songen for Eddie Murphy-filmen Vampire In Brooklyn i 1985. Raven-Symoné spelte «Superstition» for filmen The Haunted Mansion i 2003.[15]

Wonder sin versjon er òg nytta i andre filmar, som John Carpenter-skrekkfilmen The Thing, og i ein av opningscenene av I, Robot.[16]

Kjelder endre

  1. «Superstition: Stevie Wonder». Rolling Stone. 9. desember 2004. Arkivert frå originalen 23. oktober 2007. Henta 5. juli 2018. 
  2. 2,0 2,1 Dean, Maury (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. s. 276. ISBN 0-87586-207-1. 
  3. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 635. 
  4. «Stevie Wonder Top Songs». MusicVF.com. Music VF, US & UK hits charts. Henta 5. juli 2018. 
  5. «Jeff Beck’s ‘Happenings Ten Years Time Ago,’ ‘People Get Ready,’ others». Something Else! Reviews. 24. juni 2014. 
  6. «Superstition by Stevie Wonder». Songfacts. 
  7. «The History of ‘Superstition,’ the No. 1 Song Stevie Wonder Stole From Jeff Beck». Ultimate Classic Rock. 27. januar 2016. 
  8. «AllMusic page on Superstition». AllMusic. 
  9. «Top 100 Hits of 1973/Top 100 Songs of 1973». Music Outfitters. 
  10. «Italian single salstrofé – Stevie Wonder – Superstition» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 27. desember 2017.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Stevie Wonder in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  11. «British single salstrofé – Stevie Wonder – Superstition». British Phonographic Industry.  Enter Superstition in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  12. «Stevie Wonder Visits Sesame Street In 1973». JamBase. 4. august 2013. Henta 5. juli 2018. 
  13. Hornbach, Jean-Pierre (11. februar 2012). Whitney Houston: We Love You Forever. s. 427. ISBN 9781471631795. 
  14. «Stevie Wonder and Stevie Ray Vaughan - Superstition (1989)». YouTube. 
  15. Hedgpeth, Steve (6. juni 2004). «Kid's TV». The Star-Ledger. s. 4. «If that's not enough, she's [Raven Symone] a singer, too. Recently, the Disney Channel had her latest music video, a version of Stevie Wonder's «Superstition,» in heavy rotation.»  |access-date= requires |url= (hjelp)
  16. «I robot - beginning scene». YouTube. Henta 27. mai 2017. 

Bakgrunnsstoff endre