Surfin'
Singel av The Beach Boys
frå albumet Surfin' Safari
Utgjeve 8. desember 1961
Innspelt 3. oktober 1961
World Pacific Studio
Sjanger Surfemusikk
Lengd 2:10
Selskap Candix
Produsent Hite Morgan
The Beach Boys-kronologi 
Surfin' «Surfin' Safari»
(1962)


«Surfin'» er ein song av The Beach Boys skriven av Brian Wilson og Mike Love. Han vart gjeven ut som debutsingelen deira den 8. desember 1961Candix Records og kom seinare ut på albumet Surfin' Safari i 1962. B-sida var «Luau».

The Beach Boys ønskte å skrive ein original song og Brian Wilson kom på at broren Dennis Wilson hadde snakka om at surfing var i ferd med å bli stort og at bandet burde skrive ein song om det.[1] Dennis var den einaste i bandet som surfa. Songen inneheld Mike Love på solovokal med Carl Wilson på korvokal og gitar, Al Jardine på korvokal og bass, Brian Wilson på korvokal og perkusjon og Dennis Wilson på korvokal. Singelen nådde 75. plass i USA, og vart ikkje gjeven ut i Europa.

Innspeling endre

Bandet møtte opp på hos Hite Morgan og spelte inn ei utgåve av «Sloop John B» (ein song dei spelte inn seinare), men Morgan fortalte dei at dei trengde ein original song for å slå gjennom.[2] Brian Wilson har fortalt at det var ein lang pinleg stillheit[2] før Dennis Wilson overraska alle med å sei at dei hadde ein original song, «Surfin'»[2]. Hite Morgan bad dei spele songen, men Brian sa at songen ikkje var ferdig enno. Då songen var ferdig fekk dei kome tilbake til studioet og spele inn songen.

Dei gjorde tolv opptak av songen, mest fordi Brian Wilson ønskte at det skulle vere perfekt[2]. Songen vart spelt inn live, men var i følgje Brian dårleg miksa. Ein kan mellom anna nesten ikkje høyre gitaren. Faren deira, Murry Wilson, var misnøgd med miksen og tok sjølv rolla som produsent etter dette.[1]

Andre utgåver endre

Jan and Dean, med The Beach Boys på støttevokal og instrument, spelte inn songen for albumet Jan & Dean Take Linda Surfin'.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 The Beach Boys and the California Myth av David Leaf. Utgjeve av Grosset & Dunlap, 1978. ISBN 0-448-14626-6
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Wouldn't It Be Nice: My Own Story av Brian Wilson og Todd Gold. Harpercollins, 1991. ISBN 0-06-018313-6