Surfin' Safari
Surfin' Safari Studioalbum av The Beach Boys | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. oktober 1962 | |
Innspelt | 3. oktober 1961, 19. april, 8. august, 5-6. september 1962 | |
Sjanger | Surferock | |
Lengd | 24:53 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Nick Venet, Murry Wilson | |
Kritikk | ||
---|---|---|
The Beach Boys-kronologi | ||
Surfin' Safari | Surfin' USA (1963)
|
Surfin' Safari er debutalbumet til The Beach Boys, utgjeve i 1962. Surfin' Safari er i dag gjeven ut på CD i lag med Surfin' USA og bonusspor frå perioden. Surfin' Safari nådde 32. plass på den amerikanske albumlista og vart liggande på lista i 37 veker. Dette var den lågaste plasseringa for eit Beach Boys-album fram til Smiley Smile i 1967.
Historie
endreHausten 1961 skreiv syskenborna Brian Wilson og Mike Love ein song om surfing som heitte «Surfin'» etter ønske frå bror til Brian, Dennis Wilson. Dei danna raskt eit band og tok inn den yngste Wilson-broren, Carl på sologitar og skulekamaraten Al Jardine på rytmegitar. Brian spelte bass, Dennis trommer og Mike Love vart frontmann, medan alle song harmonivokal arrangert av Brian. Songen kom ut i desember dette året og var produsert av Hite og Dorinda Morgan. «Surfin'» nådde 75. plass i USA tidleg i 1962.
Faren Murry Wilson vart manager for bandet og han gjekk til Capitol Records med ei demoinnspeling. The Beach Boys fekk kontrakt og «Surfin' Safari» vart gjeven ut som singel i juni 1962. Al Jardine forlet bandet før demoinnspelinga og vart erstatta av venen til Carl, David Marks, fram til hausten 1963, då Jardine kom tilbake.
Både «Surfin' Safari» og B-sida «409» vart hittar (førstnemnde nådde 14. plass i USA) og Capitol Records godkjente planane om eit heilt album. Brian Wilson, som ofte samarbeida med Mike Love og Gary Usher, skreiv mesteparten av songane.
Surfin' Safari vart visstnok i røynda produsert av Brian Wilson, sjølv om Nick Venet offisielt står tilskriven som produsent. Den andre singelen frå albumet, «Ten Little Indians», vart ikkje like populær, og nådde berre 49. plass. Mike Love og Brian Wilson song oftast solovokal, men Dennis Wilson song første gong solovokal på «Little Girl (You're My Miss America)».
Omslag
endrePlateomslaget syner bandet på ei strand ved Paradise Cove, nord for Malibu. Bilete vart teken av Capitol sin eigen fotograf, Kenneth Veeder.
Innhald
endreNr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Surfin' Safari» (B. Wilson, Love) | Mike Love | 2:05 |
2. | «County Fair» (B. Wilson, Usher) | Mike Love | 2:15 |
3. | «Ten Little Indians» (B. Wilson, Usher) | Mike Love | 1:26 |
4. | «Chug-A-Lug» (B. Wilson, Usher, Love) | Mike Love | 1:59 |
5. | «Little Girl (You're My Miss America)» (V. Catalano, H. Alpert) | Dennis Wilson | 2:04 |
6. | «409» (B. Wilson, Love, Usher) | Mike Love | 1:59 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Surfin'» (B. Wilson, Love) | Mike Love | 2:10 |
8. | «Heads You Win - Tails I Lose» (B. Wilson, Usher) | Mike Love | 2:17 |
9. | «Summertime Blues» (Eddie Cochran, Jerry Capehart) | Carl Wilson | 2:09 |
10. | «Cuckoo Clock» (B. Wilson, Usher) | Brian Wilson | 2:08 |
11. | «Moon Dawg» (Derry Weaver) | Instrumental | 2:00 |
12. | «The Shift» (B. Wilson, Love) | Mike Love | 1:52 |
Medverkande
endre- The Beach Boys
- Mike Love – solovokal, harmonivokal og korvokal
- Al Jardine – korvokal og kontrabass på «Surfin'»
- David Marks – solo, harmoni og korvokal; rytmegitar
- Brian Wilson – solo, harmoni og korvokal; bassgitar; orgel; skarptromme på «Surfin'»
- Carl Wilson – solo, harmoni og korvokal; sologitar; akustisk gitar on «Surfin'», trommer på «Moon Dawg»[1]
- Dennis Wilson – solo, harmoni og korvokal; trommer
- Andre musikarar og produksjon
- Nick Venet – harmoni og korvokal; elektrisk gitar
Salslister
endre- Album
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1963 | US Billboard 200 Albums Chart | 32[2] |
- Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1962 | «Surfin' Safari» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 14 |
1962 | «409» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 76 |
1962 | «Surfin'» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 75 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Surfin' Safari» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Surfin' Safari/Surfin' USA CD booklet notes, David Leaf, c.1990.
- «The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys and the Southern California Experience», Timothy White, c. 1994.
- «Wouldn't It Be Nice - My Own Story», Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
- «Top Pop Singles 1955-2001», Joel Whitburn, c. 2002.
- «Top Pop albums 1955-2001», Joel Whitburn, c. 2002.
- Allmusic.com
- ↑ Stebbins 2007, s. 18.
- ↑ «Surfin' Safari - The Beach Boys: Awards». AllMusic.
Bakgrunnsstoff
endre- Tekstane til Surfin' Safari Arkivert 2009-08-13 ved Wayback Machine.
- The Beach Boys sine plateomslag Arkivert 2008-07-08 ved Wayback Machine.