Svartsteinvendar

fugleart
Steinvendarar
Svartsteinvendar i hekkedrakt Foto: Tim Bowman, U.S. Fish and Wildlife Service
Svartsteinvendar i hekkedrakt
Foto: Tim Bowman, U.S. Fish and Wildlife Service
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Steinvendarar
Utbreiinga av Steinvendarar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Steinvendarar Arenaria
Art: Steinvendarar A. melanocephala
Vitskapleg namn
Arenaria melanocephala

Svartsteinvendar (Arenaria melanocephala) er ein liten vadefugl i snipefamilien. Han er ein av to artar av steinvendarar i slekta Arenaria, systerarten er steinvendar, Arenaria interpres, med ei sirkumpolar utbreiing. Svartsteinvendar lever langs vestkysten av Nord-Amerika og hekkar berre i Alaska.

Skildring endre

 
Svartsteinvendar, foto frå California i september
Foto: Yathin S Krishnappa

Svartsteinvendar har storleik som systerarten, er 22-25 centimeter lang og veg 100-170 gram. Det svarte, relativt korte nebbet er kileforma. Beina og føtene er gråbrune med eit raudleg skjer. Fjørdrakta er stort sett i svart og kvitt. Individa som hekkar i sesongen har svart hovud og bryst, ein stor kvit flekk mellom nebbet og auget, ei kvit stripe over auget og kvite flekker på sidene av brystet. Oversida er mørk brun til svart med bleike frynsar på fjørene. Buken og undergumpen er kvite. I flukt viser dei kvite teikningar venger, kvitt frå halen til korsryggen med eit breitt svart endeband på halen og eit mørkt band over overgumpen.

Hofuglar er i gjennomsnitt litt større enn hannar og har mindre kvit flekk ved nebbrota i hekkedrakta.[1]

Ikkje-hekkedrakta manglar dei kvite områda på hovud og bryst, desse områda blir mest einsfarga mørkebrune. Ungfuglar liknar vaksne i vinterdrakta, men er bleikare og kan ha bleikare farge på basen av nebbet.

Svartsteinvendar har ei rekkje ulike læte, varslar med ei rallande trille som kan høyrast gjennom heile året.

Mens arten steinvendar kan treffast globalt på dei fleste kystar mellom den nordlege vendekrinsen og ca. 50 grader sør,[2] er har svartsteinvendaren utbreiing avgrensa til stillehavskysten av Nord-Amerika. Han hekkar i det vestlege Alaska frå Alaskahalvøya i sør til Point Hope i nord. Hovudtyngda, ca. 85 % av populasjonen, hekkar i Yukon-Kuskokwim-deltaet. Vinterkvarteret for arten er stillehavskysten i Nord-Amerika frå det sørlege Alaska sørover så langt som til Baja California og Sonora i Mexico. Under trekket kan dei ein sjeldan gong treffast i innlandet. Dei hekkar vanlegvis i våte enger nær kysten, men i enkelte område kan dei ha hekkestader vidare innover langs elvebreidder og ved innsjøar. Om vinteren er det typiske habitatet steina kystar, men dei beitar òg på strender, mudderbankar og på menneskeskapte strukturar som brygger og moloar.

Dei lever hovudsakleg av virvellause dyr, spesielt krepsdyr og blautdyr om vinter og av insekt i hekkesesongen. Dei kan òg ete av frø, egg og kadaver. Han nyttar nebbet til å snu steinar, algematter og andre objekt for å få fram skjulte byttedyr. Nebbet nyttast òg til å opne skjel eller hakke i stykker skjel.[1]

Populasjonen er estimert til 76 000–114 000[1] og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Black Turnstone (Arenaria melanocephala) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. september 2016
  2. Van Gils, J. & Wiersma, P. (2016). Ruddy Turnstone (Arenaria interpres) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. september 2016
  3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Arenaria melanocephala. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. september 2016

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Svartsteinvendar