Svein Flåtten
norsk politikar
Svein Flåtten (fødd 14. oktober 1944 i Andebu) er ein norsk politikar frå Høgre. Han vart vald inn på Stortinget frå Vestfold fylke i 2001 og sat til 2017.[1]
Svein Flåtten | |||
| |||
Fødd | 14. oktober 1944 (80 år) Andebu | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, næringslivsleiar | ||
Alle verv |
|
Flåtten er statssekretær ved Statsministerens kontor i regjeringa Solberg frå 1. oktober 2017.[1]
Flåtten har handelsskule, økonomisk gymnas og 1. avd. juridicum, UiO 1980. Han har hatt ymse økonomiske og administrative stillingar i byggje- og anleggsindustrien frå 1966 til 1980. Frå 1980 har han vore eigar og dagleg leiar i Sveisemekanikk A/S, frå 1990 til 2001 eigar og arbeidande styreformann i Sandvik Mekaniske A/S 1990-2001.
Stortingskomitear
endre- 2001–09: medlem i finanskomiteen
- 2001–09: varamedlem i valkomiteen
- 2005–09: medlem i fullmaktskomiteen* 2009–13: første nestleiar i næringskomiteen
- 2009–13: medlem i valkomiteen
Kjelder
endre- Høgre - Biografi Arkivert 2010-08-08 ved Wayback Machine.