Svetlana Sleptsova

Svetlana Jurjevna Sleptsova (fødd 31. juli 1986) er ein russisk tidlegare skiskyttar frå Khanty-Mansijsk. Ho vann gull med Russland i 4 x 6 km stafett både under VM i skiskyting 2009 og Vinter-OL 2010. Sleptsova sigra i fem individuelle tevlingar i verdscupen i skiskyting.

Svetlana Sleptsova

Statsborgarskap Russland
Fødd 31. juli 1986 (37 år)
Khanty-Mansijsk
Yrke skiskyttar
Språk russisk, tysk
Høgd 162 centimeter
Nettstad http://www.svetlana-sleptsova.ru/
Svetlana Sleptsova på Commons

Aktiv endre

Sleptsova høyrde til verdseliten i skiskyting i tida 2008-12. Under VM i skiskyting 2008 i Östersund fekk ho bronse på mixstafetten saman med Oksana Neupokojeva, Dmitrij Jarosjenko og Nikolaj N. Kruglov. Sleptsova vann både sprinten og jaktstarten ved verdscuprenna i Holmenkollen i mars 2008. Den 29. desember 2008 sigra ho i ei verdscuptevling for tredje gong, i austerrikske Hochfilzen triumferte ho i 7,5 km sprint. I verdsmeisterskapen 2009 i Pyeongchang gjekk ho den fyrste etappen då Russlands kvinnelag vann suverent i 4 x 6 km stafett, dei andre på laget var Anna Bulygina, Olga Medvedtseva og Olga A. Zajtseva. Siste helga før jula 2009 kopierte Slepstova i Pokljuka dobbeltriumfen frå Oslo, med di ho vann både sprinten og den etterfylgjande jaktstarten. Dermed var ho oppe i 5 enkeltsigrar i verdscuprenn og fleire kom ikkje, i alt oppnådde ho 16 (5-8-3) individuelle pallplasseringar, like mange som ho fekk i stafettevlingar. Under Vinter-OL 2010 i Vancouver gjekk Sleptsova og to av dei andre russiske utøvarane inn til eit nytt stafett-gull, einast Bulygina på andreetappe måtte vike plass, inn kom Anna Bogalij-Titovets. Sleptsova lukkast ikkje å prikke inn topprestajonane i dei individuelle øvingane i VM og OL, sjetteplassen på 7,5 km i Östersund-VM 2008 vart det høgste ho kom. Ho la opp etter 2017-sesongen.

Kjelder endre