Sweet Home Alabama

Sweet Home Alabama
Singel av Lynyrd Skynyrd
frå albumet Second Helping
B-side

Take Your Time

Språk engelsk
Utgjeve 24. juni 1974
Innspelt June 1973
Sjanger
Lengd 4:45
Selskap MCA
Komponist Ed King, Gary Rossington, Ronnie Van Zant
Tekstforfattar Ed King, Gary Rossington, Ronnie Van Zant
Låtskrivar(ar)
Produsent Al Kooper
Lynyrd Skynyrd-kronologi 
«Don't Ask Me No Questions»
(1974)
Sweet Home Alabama «Free Bird»
(1974)


«Sweet Home Alabama» er ein song av southern rock-bandet Lynyrd Skynyrd frå 1974 på det andre albumet deira, Second Helping.

Songen nådde åttandeplassen på den amerikanske singellista i 1974 og vart den andre hitsingelen deira.[1] Songen vart skriven som eit svar til «Southern Man» og «Alabama» av Neil Young. Young er nemnt i teksten på songen.

Bakgrunn og innspeling endre

Ingen av dei tre låtskrivarane av songen var frå Alabama; Ronnie Van Zant og Gary Rossington var begge frå Jacksonville i Florida, medan Ed King var frå Glendale i California. I eit intervju med Garden & Gun sa Rossington om låtskrivinga: «Eg hadde dette vesle riffet, som songen opnar med. Eg spelte det om att og om att når me venta på at nokon skulle komme på øving. Ronnie og eg sat der, og ha sa 'spel det ein gang til'. Så skreiv Ronnie teksten og Ed og eg skreiv musikken.»[2]

«Sweet Home Alabama» vart ein stor hit for bandet etter at dei førre singlane stort sett hadde gått umerkeleg forbi. Hitten førte til at bandet vart tilbydd å få spele på to TV-show, noko dei avslo.[3]

Kontrovers endre

«Sweet Home Alabama» vart skriven som ein svarsong til to songar av Neil Young, «Southern Man» og «Alabama», som omhandla rasisme og slaveri i Sørstatane. «Me trudde Neil skaut alle endene for å få tak i ein eller to», sa Van Zant på den tida.[3] Den følgjande linja nemner Neil Young i songen:

« Well, I heard Mister Young sing about her
Well, I heard ol' Neil put her down
Well, I hope Neil Young will remember
A Southern man don't need him around anyhow
»

I sjølvbiografien sin frå 2012, Waging Heavy Peace, kommenterte Young om rolla si i songen og skreiv «Det var rett av Lynyrd Skynyrd å angripe min eigen song 'Alabama' på den flotte songen deira. Eg likar ikkje teksten min når eg lyttar til han no. Dei er skuldande og nedlatande, og ikkje så gjennomtenkt, og for lett å mistyde».[4]

Van Zant sitt andre svar var òg kontroversielt, med referansar til guvernøren i Alabama, George Wallace (ein kjend tilhengjar av rasesegregering) og Watergate-skandalen:

« In Birmingham, they love the governor (boo boo boo)
Now we all did what we could do
Now Watergate does not bother me
Does your conscience bother you?
Tell the truth
...
Sweet home Alabama, oh, sweet home baby
Where the skies are so blue and the governor's true
»

Mange historiskarar har peikt på at valet av Birmingham i samband med guvernøren (i staden for hovudstaden Montgomery) er viktig for kontroveren sidan byen i 1963 var åstad for omfattande borgarrettsdemonstrasjonar som vart slått hard ned på av styresmaktene på staden.[5]

I 1975 sa Van Zant: «Teksten om guvernøren i Alabama var mistyda. Folk la ikkje merke til at me song 'Boo! Boo! Boo!' etter den linja, og media plukka berre opp referansen om at folk elska guvernøren.»[6] «Wallace og eg har særs lite til felles», sa Van Zant sjølv, «eg likar ikkje det han sa om farga folk.»[6]

Ronnie Van Zant hadde seinare på seg ei Neil Young-T-skjorte ved fleire øve mellom anna på ein konsert som vart filma[7][8] og omslaget til albumet Street Survivors.[9]

Medverkande endre

Lynyrd Skynyrd

Andre medverkande

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste (1974-76) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[10] 56
Canada (Canadian Hot 100)[11] 6
Tyskland (Media Control AG)[12] 87
Sveits (Schweizer Hitparade)[13] 51
UK Singles (Official Charts Company)[14] 31
US Billboard Hot 100[15] 9
Liste (2008) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[16] 44

Årslister endre

Liste (1974) Plassering
US Cashbox Top 100 58
Canadian RPM Top Singles 81

Sal og salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[17] Platina 50 000*
Storbritannia (BPI)[18] Platina 600 000^
USA (RIAA)[19] Gull 3,680,000 (digital)[20]

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

«All Summer Long» endre

Kid Rock-songen «All Summer Long» frå 2007 sampla «Sweet Home Alabama» på refrenget og brukar gitarsoloen og pianoavslutninga. Billy Powell spelar på songen. All Summer Long» samplar òg Warren Zevon sin «Werewolves of London», som har ein liknande akkordprogresjon som «Sweet Home Alabama». Då Kid Rock sin versjon kom ut, gjekk originalversjonen opp til 44. plassen på UK Singles Chart.

Ettermæle endre

  • I mai 2006 kåra National Review songen på fjerdeplassen på ei liste over dei 50 beste konservative rockesongane.[21]
  • I juli 2006 rangerte CMT songen øvst på lista si over dei 20 beste southern rock-songane.
  • I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 398. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Kjelder endre

  1. Sweet Home Alabama song information. Songfacts.com
  2. Lotz, CJ (13. august 2015). «The Story Behind “Sweet Home Alabama”». Garden & Gun. Henta 7. august 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Dupree, T. (1974), Lynyrd Skynyrd in Sweet Home Atlanta Arkivert 2009-03-27 ved Wayback Machine. [Electronic version]. Rolling Stone. Henta 14. september 2018.
  4. Young, Neil (2012). «Chapter Fifty-seven». Waging Heavy Peace: A Hippie Dream. New York, New York: Penguin Group. s. 417. ISBN 978-0-14-218031-0. 
  5. Sweet Home Alabama: Shmoop Music Guide. Shmoop University. 2010. 
  6. 6,0 6,1 Ballinger, Lee. (2002 ©1999). Lynyrd Skynyrd: An Oral History. Los Angeles, California: XT377 Publishing. ISBN 0-9720446-3-9
  7. «Lynyrd Skynyrd - Freebird - 7/2/1977 - Oakland Coliseum Stadium (Official)». YouTube. 24. september 2014. Henta 14. september 2018. 
  8. «Lynyrd Skynyrd - Sweet Home Alabama - 7/2/1977 - Oakland Coliseum Stadium (Official)». YouTube. 14. november 2014. Henta 14. september 2018. 
  9. «Lynyrd Skynyrd and Neil Young». Thrasherswheat.org. Henta 14. september 2018. 
  10. "Lynyrd Skynyrd – Sweet Home Alabama – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  11. "Skynyrd?f=793&g=Singles Lynyrd Skynyrd Album & Song Chart History" Canadian Hot 100 for Lynyrd Skynyrd. Prometheus Global Media.
  12. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  13. "Lynyrd Skynyrd – Sweet Home Alabama – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  14. "Chart Stats – Lynyrd Skynyrd – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats.
  15. "Skynyrd?f=379&g=Singles Lynyrd Skynyrd Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Lynyrd Skynyrd. Prometheus Global Media.
  16. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  17. «Italian single salstrofé – Lynyrd Skynyrd – Sweet Home Alabama» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 14. september 2018.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Lynyrd Skynyrd in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  18. «British single salstrofé – Lynyrd Skynyrd – Sweet Home Alabama». British Phonographic Industry.  Enter Sweet Home Alabama in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  19. «American single salstrofé – Lynyrd Skynyrd – Sweet Home Alabama». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  20. «Nielsen Soundscan Chart». Nielsen. 11. juli 2016. 
  21. Miller, John J. (26. mai 2006) Rockin' the Right, National Review