Opna hovudmenyen
Sweet Little Sixteen
Singel av Chuck Berry
B-side «Reelin' and Rockin'»
Utgjeve Januar 1958
Sjanger Rock and roll
Selskap Chess 1683
Låtskrivar(ar) Chuck Berry
Produsent Leonard og Phil Chess
Chuck Berry-kronologi
«Rock and Roll Music»
(1957)
Sweet Little Sixteen «Johnny B. Goode»
(1958)


«Sweet Little Sixteen» er ein rock and roll-song skriven og spelt inn av Chuck Berry, som gav han ut på singel i januar 1958. Han nådde 2. plass på den amerikanske Billboardlista, den høgaste plasseringa Berry nådde bortsett frå «My Ding-A-Ling» som gjekk heilt til topps i 1972. «Sweet Little Sixteen» gjekk òg til topps på R&B Best Sellers-lista.[1]

Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 272. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene i 2003. På den oppdaterte lista i 2010 låg han på 277. plass.

Teamet i songen er rock and roll og ei særskild jente, som akkurat har fylt seksten år og er svært oppteken av rock and roll-artistar. Songen omtalar bursdagen hennar og korleis ho ber foreldra sine om å late ho få gå på ein konsert. Teksten skildrar at ho går med «tight dresses and lipstick; she's sporting high heel shoes», og vidare «tomorrow morning she'll be sweet sixteen og back in class again».

Innhaldsliste

MedverkandeEndra

Innspelt 29. og 30. desember 1957

CoverversjonarEndra

Fleire kjende artistar har spelt songen som Jerry Lee Lewis i duett med Ringo Starr, The Animals og Ten Years After. The Beatles spelte songen på BBC radio, og John Lennon spelte seinare songen på albumet sitt Rock 'n' Roll. Han er og spelt inn av den finske gruppa The Hurriganes.

«Sweet Little Sixteen» i bluegrassEndra

  • I 1965 spelte bluegrassgruppa Jim & Jesse & the Virginia Boys inn Bluegrass and More Album 3, med «Sweet Little Sixteen» og sju andre Chuck Beery-komposisjonar.[2] Dei endra fjerde line i refrenget frå «All the cats wanna dance with sweet Little Sixteen» til «All the boys wanna dance with sweet Little Sixteen».[3]
  • Parodien «Bluegrass Jam» er skriven av signaturen Too Rich Olson. I parodien finst korkje ein søt, liten 16-åring, «cats» eller «boys» som vil danse. I staden vil dei spele mandolin, fele og andre instrument som høyrer heime i bluegrass.[4]

Surfin' USAEndra

The Beach Boys sin song «Surfin' USA» har praktisk talt same melodi med ny tekst som omhandlar surfing. Som hos Jim & Jesse skil han seg og frå Berry sin original ved koringa (harmoniaene). Denne songen har i seinare tid vorte kreditert til Berry/Wilson.[5]

KjelderEndra

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942–2004. Record Research. s. 55. 
  2. «Bluegrass and More, Volume 3 by Jim & Jesse», Genius (på engelsk), henta 6. november 2018 
  3. Jim & Jesse – Sweet Little Sixteen (på engelsk), henta 6. november 2018 
  4. «Bluegrass Jam, Parody Song Lyrics of Chuck Berry, Sweet Little Sixteen». amIright (på engelsk). 
  5. Pegg, Bruce (2002). Brown Eyed Handsome Man. S. 162–163.

BakgrunnsstoffEndra