Sweet Seasons
Singel av Carole King
frå albumet Music
B-side

Pocket Money

Utgjeve Januar 1972
Sjanger Folkrock, softrock, blue-eyed soul
Lengd 3:14
Selskap Ode Records
A&M Records
Sony/BMG
Låtskrivar(ar) Toni Stern, Carole King
Produsent Lou Adler
Carole King-kronologi 
«So Far Away»
(1971)
Sweet Seasons «Been to Canaan»
(1972)


«Sweet Seasons» er ein song skriven av Carole King og Toni Stern og gjeven ut av King i 1971 på albumet Music. Han var den einaste singelen frå albumet som gjekk inn på singellista og det var den andre av fire topp 10-hittar for ho i USA.

Bakgrunn endre

E! News-reporteren Josh Grossberg skildra songen som ein av dei største hittane til King.[1] Cash Box skildra han som ein «piano pumper-thumper» som er «lys og luftig».[2]

Musikologen James Perone skildra teksten til Stern som mindre personleg enn tekstane Stern og King skreiv for songar på det tidlegare albumet til King, Tapestry.[3] Det er likevel ei linje som Perone ser på som personleg, når King syng om å få barn og bygga eit liv på landet.[3] Perone føler at denne linja refererer til Kings døtrer og flyttinga hennar til Idaho.[3] I følgje New Jersey Star-Ledger-reporteren Tris McCall, framstiller teksten songaren på ein måte som King ofte framstiller hovudpersonane i songane hennar, som «skapre og bedårande, men òg vanskelege og refleksivt sjølvaktuelle».[4]

Perone skildra songen som 'Top 40, pop-orientert', men høyrer òg element i arrangementet som føregrip stilen til Steely Dan så vel som Rickie Lee Jones sitt hornarrangement i «Chuck E.'s in Love».[3] Perone vurderer songen som «ein ideell AM-radio, topp-40 poplåt ... som står seg like godt som nokon av Carole Kings hitkomposisjoner».[3] Men Tim Crouse frå Rolling Stone skildra songen som eit skuffande søppel.[5] Skodespelarinna Jessie Mueller, som portretterte King i Broadway-musikalen Beautiful: The Carole King Musical, ser på «Sweet Seasons» som ein av favorittane hennar av King.[6]

Medverkande endre

Henta frå The Words and Music of Carole King.3

Salslister endre

«Sweet Seasons» nådde niandeplassen i USA og 12. plassen i Canada. Det var òg ein Adult Contemporary-hit i begge landa og nådde høvesvis andreplassen og 21. plassen. Songen var òg populær i Tyskland, særleg blant yngre folk.[7]

Vekeslister endre

Liste (1972) Plassering
Australia Go-Set 19
Australia KMR[8] 23
Canada RPM 100 Singles[9] 12
Canada Adult Contemporary[10] 21
U.S. Adult Contemporary[11] 2
U.S. Billboard Hot 100[12] 9
U.S. Cash Box Top 100 [13] 8

Årslister endre

Liste (1972) Plassering
Australia KMR[14] 162
U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual)[15] 94
U.S. Cash Box [16] 84

Andre versjonar endre

«Sweet Seasons» har blitt spelt av mange andre musikarar, som The Isley Brothers (1972), Francis Yip (1973) og Micky Dolenz (2010).[17]

Kjelder endre

  1. Grossberg, Josh (17. mai 2013). «Carole King to Receive Gershwin Prize From President Obama at the White House». E! News. 
  2. «CashBox Record Reviews» (PDF). Cash Box. 22. januar 1971. s. 22. Henta 21. mai 2022. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Perone, James E. (2006). The Words and Music of Carole King. Praeger. s. 45–46. ISBN 0275990273. 
  4. McCall, Tris (14. januar 2014). «'Beautiful: The Carole King Musical' a celebration of songwriting». nj.com. Henta 21. mai 2022. 
  5. Crouse, Tim (20. januar 1972). «Carole King: Music: Music Review». Arkivert frå originalen 7. august 2008. 
  6. Taras, Rebecca (24. juni 2014). «Tony Award-Winning Jessie Mueller On Playing Carole King». Refinery29. Henta 21. mai 2022. 
  7. Brinktrine, Ralf & Kastner, Berthold (2013). «Das «Sweet Seasons»». Fallsammlung zum Verwaltungsrecht. Springer-Verlag. s. 31. ISBN 9783662071861. 
  8. «Australian Chart Book». Austchartbook.com.au. Henta 21. mai 2022. 
  9. «RPM Weekly». Library and Archives Canada. 4. mars 1972. 
  10. «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. Henta 21. mai 2022. 
  11. «Carole King Chart History: Adult Contemporary». Billboard Magazine. Henta 21. mai 2022. 
  12. «Carole King Chart History: Hot 100». Billboard Magazine. Henta 21. mai 2022. 
  13. «Cash Box Top 100 3/04/72». Tropicalglen.com. 4. mars 1972. Arkivert frå originalen 21. mai 2022. Henta 21. mai 2022. 
  14. Steffen Hung. «Forum - Top 100 End of Year AMR Charts - 1980s (ARIA Charts: Special Occasion Charts)». Australian-charts.com. Henta 21. mai 2022. 
  15. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 
  16. «Cash Box YE Pop Singles - 1972». Tropicalglen.com. 30. desember 1972. Arkivert frå originalen 28. september 2018. Henta 21. mai 2022. 
  17. «Cover versions of Sweet Seasons by Carole King». SecondHandSongs.com. Henta 21. mai 2022. 

Bakgrunnsstoff endre