Music av Carole King
Music Studioalbum av Carole King | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 1971 | |
Sjanger | pop[1] | |
Lengd | 40:00 | |
Selskap | Ode / A&M | |
Produsent | Lou Adler | |
Carole King-kronologi | ||
---|---|---|
Tapestry (1971) |
Music | Rhymes and Reasons (1972)
|
Music er det tredje studioalbumet til den amerikanske musikaren Carole King. Albumet kom ut i desember 1971.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
Christgau's Record Guide | C+[3] |
Rolling Stone | (middels)[1] |
The Village Voice | B[4] |
Bakgrunn
endreAlbumet vart skrive av songaren og produsert av Lou Adler, og er eit framhald av stilen på Tapestry. King spelte piano og celesta på mange spor. Fotografiet av King på framsida av omslaget vart teke av Jim McCrary i 8815 Appian Way i Laurel Canyon i California.[5]
Mottaking
endreDå albumet kom ut steig det raskt til toppen av albumlista i USA. Det inneheld songar som «It's Going to Take Some Time» (12. plassen i USA av The Carpenters), «Sweet Seasons», ein niandeplass for Carole King, og «Brother, Brother».
Sjølv om det ikkje var like banebrytande eller suksessrikt som King sitt Tapestry, vart Carole King: Music ein rask suksess og selde til gullplate den 9. desember 1971, dagen etter det kom ut. Det selde til platinaplate 17. juli 1995. Albumet selde visstnok 1,3 millionar eksemplar i USA den dagen det kom ut. Men platinastatus for album (ein million selde eksemplar), vart ikkje skapt av RIAA før i 1976.[6]
Music gjekk inn på topp 10-lista på ein åttandeplass, og vart den første av mange veker der både Tapestry og Carole King: Music låg på topp 10 samstundes. Albumet nådde toppen av lista nyårsdagen 1972 og låg der i tre veker på rad.
Innhald
endreAlle songane er skrivne av Carole King, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Brother, Brother» | 3:00 |
2. | «It's Going to Take Some Time» (Carole King, Toni Stern) | 3:35 |
3. | «Sweet Seasons» (Carole King, Toni Stern) | 3:15 |
4. | «Some Kind of Wonderful» (Carole King, Gerry Goffin) | 3:07 |
5. | «Surely» | 4:58 |
6. | «Carry Your Load» | 2:52 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «Music» | 3:50 |
8. | «Song of Long Ago» | 2:44 |
9. | «Brighter» | 2:46 |
10. | «Growing Away from Me» | 3:03 |
11. | «Too Much Rain» (Carole King, Toni Stern) | 3:35 |
12. | «Back to California» | 3:23 |
Medverkande
endre- Carole King – vokal, piano, elektrisk piano, elektrisk celesta, korvokal
- Ralph Schuckett – orgel på «Sweet Seasons» og «Surely», elektrisk piano på «Back to California», elektrisk celesta på «Growing Away from Me»
- Danny Kortchmar – akustisk and elektrisk gitar; korvokal på «Song of Long Ago»
- James Taylor – akustisk gitar på «Some Kind of Wonderful», «Song of Long Ago» og «Too Much Rain», korvokal på «Some Kind of Wonderful»
- Charles Larkey – elektrisk ogakustisk bassgitar
- Joel O'Brien – trommer
- Russ Kunkel – trommer på «Back to California»
- Ms. Bobbye Hall – conga, bongo, tamburin
- Teresa Calderon – conga på «Brother, Brother»
- Curtis Amy – tenorsaksofon på «Brother, Brother», «Sweet Seasons»og «Music», elektrisk fløyte på «Surely»
- Oscar Brashear – flygelhorn på «Sweet Seasons» og «Carry Your Load»
- William Green – blåseinstrument, fløyte, saksofon
- Buddy Collette – blåseinstrument, fløyte, saksofon
- Ernest Watts – blåseinstrument, fløyte, saksofon
- Plas Johnson – blåseinstrument, fløyte, saksofon
- Mike Altschul – blåseinstrument, fløyte, saksofon
- Abigale Haness – korvokal på «Some Kind of Wonderful», «Surely», «Music», «Brighter» og «Growing Away from Me»
- Merry Clayton – korvokal på «Back to California»
Produksjon
endre- Lou Adler – produsent
- Hank Cicalo – lydteknikar
- Norm Kinney – assisterande lydteknikar
- Roland Young – kunstnarisk leiar
- Chuck Beeson – design
- Jim McCrary – fotografi
Salslister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé |
---|---|
USA (RIAA)[14] | Platina |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Music (Carole King album)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mai 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Crouse, Tim (20. januar 1972). «Carole King: Music: Music Review». Rolling Stone.
- ↑ Iyengar, Vik. Music av Carole King på Allmusic. Henta 14. mai 2022.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: K». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 15. mai 2022 – via robertchristgau.com.
- ↑ Christgau, Robert (30. desember 1971). «Consumer Guide (22)». The Village Voice (New York). Henta 20. mai 2022.
- ↑ «Musical Maps».
- ↑ Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2, illustrated utg.). Barrie & Jenkins. ISBN 0-214-20480-4.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 166/167. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ Library and Archives Canada. Arkivert 2014-01-06 ved Wayback Machine. Henta 14. mai 2022
- ↑ Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005 (på japansk). Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9.
- ↑ «norwegiancharts.com Carole King – Music» (ASP). Henta 14. mai 2022.
- ↑ «The Official Charts Company – Carole King – Music» (PHP). Official Charts Company. Henta 14. mai 2022.
- ↑ Allmusic – Carole King > Music > Charts & Awards > Billboard Albums
- ↑ «Top Pop Albums of 1972». billboard.biz. Henta 10. februar 2012.
- ↑ «American album salstrofé – Carole King – Carole King Music». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH