Sylte i Fjord
Sylte er kommunesenteret og gard i Fjord kommune i Møre og Romsdal fylke. Staden har ligg ved Norddalsfjorden, nedst i Valldal. Valldalselva (også kalla Valldøla) renn ut i fjorden her. Sylte ligg på austsida av elva og elveosen, Muri ligg på motsett side av elva. Sylte er ein gamal gard (grend), men størstedelen av innmarka er no brukt til tomt for sentrumsbygg. Sjølve garden Sylte går om lag 2 km oppover i dalen og omfattar Ødegård og den skogkledde Syltemoa med sandtak.[1] Fram til omkring 1955 var delar av Sylte ein allmening eigd av bønder oppover i dalen, på allmenningen stod naust og såkalla kyrkjebuder der bøndene kunne sette inn hesten og lagre private saker.[2] På den tidlegare allmenningen er det no bensinstasjon, bilverkstad og daglegvareforretning.
Sylte | |||
stad | |||
Sylte sett frå fjorden (Syltefjellet t.h, sandtaket i bakgrunnen)
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Fjord | ||
Postnummer | 6210 VALLDAL | ||
Ferdselsårer | 63 Fv92 | ||
Sylte 62°17′52″N 7°15′49″E / 62.2978°N 7.26361°E |
Her ligg Sylte kyrkje, barne- og ungdomsskulen Valldal skule og andre sentrumsfunksjonar som kommunehus og bank.
Sjå òg
endreKjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Eldre fotografi frå Sylte på nettstaden til NasjonalbiblioteketDenne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.