Claus Frimann

norsk prest

Claus Frimann (15. mai 174611. oktober 1829) var ein norsk diktar, prest og jordeigar. Han var personellkapellan i VoldaSunnmøre 1771-79 og sokneprest i Davik i Nordfjord i perioden 1781–1823. Frimann er særleg kjent for diktet Den norske Fisker med den ofte siterte opningsstrofen Ondt ofte lider den Fiskermand. Han fekk tidleg tilnamnet Allmuens Sanger, etter diktsamlinga Almuens Sanger frå 1790.

Claus Frimann

Silhuett av Claus Frimann
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. mai 1746, 1746
Selje i Nordfjord
Død

11. oktober 1829 (83 år)
Davik i Bremanger i Nordfjord

Yrke Prest, diktar
Medlem av Norske Selskab
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Mor Sara Cold Frimann
Debut Fieldet Horneelen i Norge, 1777

Tidlege år endre

Frimann var fødd og oppvaksen i Selje i Nordfjord, der faren var sokneprest. Han vart undervist først av faren, sidan av ein huslærar. Då Claus var 13 år døydde faren, og han vart av mora, Sara Cold Frimann involvert i styringa av familiens jordeigedomar. Frimann tok til ved universitetet i København i 1762. Etter andreeksamen i 1765 var han huslærar, før han i 1768 avla teologisk embetseksamen.

I 1769 flytta han til Volda, for å lære av Hans Strøm, og var der kapellan hos forskarpresten Strøm. Frimann vann merksemd for sin skrivekunst, i 1776 fekk han ein litterær pris for eit dikt om fjellet Hornelen. Etter åtte år (1771-79) som kapellan i Volda reiste Frimann til København, på jakt etter embete. I 1779 og 1780 heldt han til i den dansk-norske hovudstaden, der han var med i det Norske Selskab.

Sokneprest endre

Frimann vart i 1780 utnemnd til sokneprest i Davik, byrja i stillinga sommaren etter. Hans teologi må i desse åra karakteriserast som pietistisk. Frimann var såleis ingen radikal opplysningsprest. Påverka av Strøm hadde han likevel interesse for folkeopplysning. Frimann gav økonomisk stønad til opplysningsmannen Sivert Aarflot, og hjelpte til med å spreie skriftene hans.

Frimanns forfattarskap må elles kunne sjåast som del av embetsstandens folkeopplysningsprogram. Opplysningstanken ser ein spor av både i verk med åndeleg innhald som salmane og andaktsbøkene, men også i arbeid med timeleg innhald. Det siste gjeld både dei diktsamlingane som vert haldne for å vere Frimanns viktigaste, og i prosaverk. Han nyttar til dømes sjangrar som læredikt, fablar, satire og heidersdikt, diktformer som eignar seg til spreiing av kunnskap og opplæring i moralsk livsførsel. Eit embets-aristokratisk ovanfrå-og-ned-perspektiv er lett synleg i desse tekstane.

Frimann skreiv både andaktsbøker og salmar. Kristensynet hans nærma seg rasjonalismen frå 1780-åra av. I leiande, geistlege krinsar på 1800-talet vart det tatt lite nådig opp. Frimanns teologiske ståstad var truleg medverkande til at ingen av hans salmar kom med i Landstads salmebok. No høyrer ikkje Frimanns salmar til den levande, norske salmetradisjonen.

Diktar endre

Jamsides embetsgjerninga var Frimann aktiv forfattar, både som lyrikar og prosaforfattar. Han hadde lenge hug til å skrive dikt i såkalla høgare stil, men nøgde seg etter kvart med å skrive folkelege songar.

Frimann lærde bygdene og livskåra til gagns å kjenne, noko som viser att i dikta hans. Dikta og visene hans gir konkrete og truverdige uttrykk for livet slik det vart levd og opplevd i kyst-Noreg. I det førnemnte Den norske Fisker teiknar diktaren eit livfullt bilete av fiskarheimen. Dikt av liknande slag finst i Poetiske Arbeider (1788), Almuens Sanger (1790) og Den syngende Søemand (1793). Hvad jeg bedst kjender, kan jeg bedst synge om, skriv han i forordet til Almuens Sanger. Til ulike høve skreiv Frimann mange hyllingsdikt og minnedikt.

Etter 1780 hadde Frimann avgrensa kontakt med det litterære miljøet i København, og hans folkelege dikt og viser var lenge lite akta av folk i dei høgre stender.

Skildringane om sjøfolk og fiskarens liv og virke fekk eit mykje lengre liv enn dei fleste av dei dikta som hans samtidige prisa. Språklege konkretiseringar gjorde Frimanns dikt meir nærverande enn den flyktige, romantiske lyrikken. Talet på folkelege melodiar som vert knytt til visene hans er teikn på at visene levde på folketunga. Nettopp fordi Claus Frimanns dikt var så lite tidstypiske, er han ein av dei få diktarane frå det seine 1700-talet med lyrikk som har hatt lang levetid.

12 eksemplar av bøker utgitt av Claus Frimann er funne registrert i arveskifte etter allmugebefolkning i Romsdals Amt og Øvre Telemark i perioden 1690-1839. Almuens Sanger, utgitt første gong i København i 1790, er telt fire gongar i materialet til Jostein Fet.[1]

Jordeigar endre

Frimann var stor jordeigar, og kom ikkje heilt godt ut av det med kyrkjelyden. Hans virke som prest samstava ofte dårleg med hans økonomiske interesser. Nidkjære disposisjonar han gjorde i eigenskap av jordeigar og forretningsmann førte han inn i konfliktar med mange leiglendingsbønder. Attåt dette var han ein mann som verna om embetsstandens posisjonar. Med sine store inntekter som jordeigar og frå fiskeri bygde han eit herskapshus nær ved prestegarden. Her budde han sine siste år, som ein av Nordfjords mektigaste menn.

Ymse endre

Han var kommandør av den danske Dannebrogsordenen.

Frimanns gate i Oslo er oppkalla etter han.

Han var medlem av Syndmøre practiske Landhuusholdningsselskab.

Bibliografi endre

Bøker endre

 
Tittelbladet til boka Den syngende Søemand av Claus Frimann, utgitt i Bergen i 1793.
  • 1780 – Sange over evangelierne : tilligemed fire Davids salmer (København: Gyldendal)
  • 1785 – Andagts-øvelser og gudelige tanker : til brug for almuen, efter livets foranderlige omstændigheder, og til visse tider og tilfælde : samt nogle morgen og aften-andagter, m.v. (København: Gyldendal)
  • 1790 – Almuens sanger (København: Gyldendal forlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1793 – Frimanns Søe-Cabinet, eller gudelig haandbog for Søefolk : indeholdende Psalmer og Sange, Bønner og Betragtninger, Læse-og Lærestykker (København: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
  • 1793 – Den syngende Søemand : indeholdende 25 nye smaa Viiser og Søemandssange, til uskyldig Tidsfordriv paa Søen, forfattede i Aaret 1792 ; tilligemed en Mindesang om den allerførste Norske Ostindiefarer, kaldet Prinds Carl, som af hr. Conference-Raad Bernt Anker blev udreedet i Aaret 1791 (Bergen: R. Dahl Efterleverske) I fulltekst ved nb.no
  • 1794 – Nyeste, originale psalmer : efter indbydelse forfattede som bidrag til den forventende nye psalmebog (København: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
  • 1851 – Udvalg af Claus Frimanns Digte (Christiania: Malling) I fulltekst ved nb.no  [Utg. av Johan Sebastian Welhaven]

I bøker - eit utval endre

  • Fieldet Horneelen i Norge, i Forsøg i de skiønne og nyttige Videnskaber 6, 12. stykke, København 1777, s. 51–78
  • Den norske Fisker, i Poetiske Arbeider, 1. samling, København 1788, 2. samling (også med tittelen Poetisk Eftersamling), Bergen 1826
  • En Birkebeener-Sang, i Almuens Sanger, København 1790
  • Lehnsmand og Dannebrogsmand Sivert Aarflots Minde, Ekset 1819 (ny utg. 1885)
  • Den Bergenske Musea, 1829
  • Claus Frimanns mindre Digte. En Sangbog for alle og enhver, unge og gamle, Bergen 1899

I tidsskrift - eit utval endre

Tekstar om Claus Frimann endre

Referansar endre

  1. Fet, 1995, side 350-351, 360, 372

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre