Nålefisk
Nålefisk (Syngnathiformes) er ein orden beinfisk som lever i tropiske eller tempererte vatn over heile verda. Fiskane i familien er som regel særs tynne og avlange, og lever ofte mellom tang og ålegras på grunt vatn. Det er registrert om lag 240 artar, ved norskekysten finst sju av dei.
Nålefisk | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Strålefinnefiskar Actinopterygii |
Klasse: | Actinopteri |
Underklasse: | Neopterygii |
Infraklasse: | Ekte beinfiskar Teleostei |
Orden: | Nålefisk Syngnathiformes |
Kjenneteikn
endreNålefisk har avlange kroppar som er pansra med ein serie beinringar. Dei har små munnar som sit ytst på ei røyrforma snute (bortsett frå i slekta Bulbonaricus). Bukfinnane manglar eller sit langt bak på kroppen, medan brystfinnane sit oppe med gjellene. Eit særtrekk med gruppa er at dei manglar ribbein, men har fått dei 3-6 første ryggvirvlane forlenga.
Systematikk
endreStandardverket Fishes of the World av Joseph Nelson reknar nålefiskane som ein underorden av stiklingfiskane; og det er brei semje om at dei to gruppene er nærskylde kvarandre. I FishBase vert dei rekna som systergrupper. Det er òg usemje om kva for familiar ein bør rekna med i kva for orden/underorden, Nelson reknar til dømes dei tradisjonelle stiklingfamiliane Pegasidae og Indostomidae til nålefiskane.
FishBase reknar med fem familiar:
- Trompetfiskfamilien Aulostomidae
- Centriscidae
- Fistulariidae
- Spøkelsesnålefisk Solenostomidae
- Nålefiskfamilien Syngnathidae (havnålar, kantnålar og sjøhestar)
Kjelder
endre- Jonsson, Bror: «Nålefisk» i Norges Dyr - Fiskene 2 Cappelen 1992
- FishBase