Systerkyrkjene i Gran
60°21′59.796″N 10°31′46.333″E / 60.36661000°N 10.52953694°E
Systerkyrkjene i Gran er to kyrkjer bygde i stein i mellomalderen, og som står tett attmed kvarandre på Granavollen i Gran kommune på Hadeland. Den eldste og minste av dei har namnet Mariakyrkja. Ho er ei langkyrkje med romanske og gotiske stiltrekk frå før år 1150. Ho har i dag plass til 150 menneske og var truleg soknekyrje for Gran. Den største og litt yngre heiter Nikolaikyrkja og har i dag 250 plassar. Ho er frå før år 1200 og var i si tid fylkeskyrkje for Hadeland.
Stein frå ombygginga på slutten av 1200-talet vart nytta i bygginga av Steinhuset på Granavollen. Dette er eit profant bygg og kan hende bygd nokre år før Håkonshallen i Bergen, som er bygd etter 1260. Dette vil i tilfelle flytte tidspunktet for ombygginga av kyrkjene nokre år bakover i tid frå slutten til midten av 1200-talet.
Segna seier at det var to søstrer som var uvener og måtte ha kvar si kyrkje, men i mellomalderen var det ikkje uvanleg at det vart bygd fleire kyrkjer tett inntil kvarandre, men med ulik funksjon.
I søraustre hjørne av kyrkjegarden står eit steintårn frå mellomalderen som kan ha vore ein forsvars- og tilfluktsstad før det vart tatt i bruk som klokketårn. Kyrkjeklokkene i stopulen er langt nyare enn resten av tårnet og er frå 1860-åra.
Granavollen har vore samlingsstad i uminnelege tider. Det eldste funnet herfrå er runesteinen på Granavollen frå 1000-talet. Han står no bak koret på Nikolaikyrkja.
Utanfor porten til Søsterkyrkjene står ein milestein som oppgir at det er 533 km til Nidaros, og dette er langs pilegrimsleia gjennom Gudbrandsdalen. Tårna på Søsterkyrkjene dannar utgangspunktet for kommunevåpenet til Gran kommune. Aasmund Olavsson Vinje er gravlagd på kyrkjegarden til Søsterkyrkjene, og i 1873 vart det reist eit monument over Vinje framfor Nikolaikyrkja.
Sjå òg
endreSjå særskilde artiklar for kvar av kyrkjene:
Kjelder
endreDenne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
- Delar av denne artikkelen bygger på «Søsterkirkene på Gran» frå Wikipedia på bokmål, den 17. mai 2020.
Bakgrunnsstoff
endre- Systerkyrkjene i Gran i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Litteratur
endre- Sven Rosborn, 2014, Søsterkirkene og Steinhuset på Granavollen : Studier i eldre norsk steinbyggerkunst. [Gran 2014]: Stiftelsen Steinhuset på Gran. ISBN 978-82-999607-0-0