TÜRKSOY eller Uluslararası Türk Kültürü Teşkilatı (engelsk International Organization of Turkic Culture, norsk omsetjing Den internasjonale organisasjonen for tyrkisk kultur), tidlegare Türk Kültür ve Sanatları Ortak Yönetimi, er ein internasjonal kulturorganisasjon for stader med ein tyrkisk folkesetnad som talar tyrkiske språk.TÜRKSOY er ei forkorting for det tidlegare namnet på organisasjonen, men òg ei samanseting av dei to orda türk, som tyder «tyrkisk», og soy, som tyder «opphav». Organisasjonen har hovudkontoret sitt i Ankara i Tyrkia.

Uluslararası Türk Kültürü Teşkilatı (TÜRKSOY)

Sjølvstendige (mørkeraud) og andre medlemmer (raud) av TÜRKSOY.
Skipa12. juli 1993
HovudkontorAnkara
Medlemmer6 sjølvstendige medlemsland
8 usjølvstendige regionar
Nettstadhttps://www.turksoy.org/ Sjå dette på Wikidata

Historie

endre
 
International Organization of Turkic Culture, headquarters.

I 1992 blei det hald møte i Baku og Istanbul der kulturministrane frå Aserbajdsjan, Kasakhstan, Kirgisistan, Turkmenistan, Tyrkia og Usbekistan var til stades og blei samde om å inngå eit kulturelt samarbeid.[1] 12. juli 1993 blei TÜRKSOY skipa gjennom underskrivinga av ein avtale i Almaty.[1]

I 1996 blei det danna eit offisielt samarbeid med gjensidig dialog og konsultasjon mellom TÜRKSOY og UNESCO.[2] Sidan 2012 har organisasjonen tildelt ein by status som kulturhovudstad i den tyrkiske delen av verda for ein periode på eitt år.[3]

Medlemmar

endre

Leiarar

endre
  • 1994–2006: Polad Bülbüloğlu (tidlegare kulturminister i Aserbajdsjan)[1]
  • 2006–2008: Ad interim[1]
  • 2008–  : Düysen Kaseyinov[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 TÜRKSOY: About us Arkivert 2015-02-02 ved Wayback Machine.. Besøkt 30. januar 2015. (en)
  2. UNESCO, Relations with the Joint Administration of the Turkic Culture and Arts (TÜRKSOY), and Draft Agreement between that Organization and UNESCO. Besøkt 30. januar 2015. (en)
  3. World Bulletin 17. februar 2012, Astana to be Culture Capital of Turkic World. Besøkt 30. januar 2015. (en)
  4. 4,0 4,1 TURKSOY Official Web Site (2009). «Homepage > TÜRKSOY > Member States». Arkivert frå originalen 22. desember 2012. Henta 4. desember 2009. 

Bakgrunnsstoff

endre