T-80 er ei sovjetisk stridsvogn og ei videreutvikling av T-64. Produksjonen starta i 1983, og den nyaste varianten T-84 vert framleis produsert i Ukraina. Den var den første gassturbindreve stridsvognserien i verda. Den har mange utvendige likskapstrekk med T-72, men er betre pansra og mekanisk heilt annleis. Vogna vert produsert hjå fabikken Omsktransmasj i Omsk.[1] Denne fabrikken gjer òg stridsvogna klar for teneste i arktiske strok.[2]

T-80U

Historie og utvikling endre

 
T-80 på museum.

T-80 vart utvikla ved Leningrad Kirov-fabrikken (LKZ) under leiing av Nikolai S. Popov. Prototypen vart kalla Objekt 219 og fekk ein GTD-1000T gassturbin som motor. Den kom i teneste i 1976.

Produksjonen vart først starta i Leningrad, men førsteutgåva vart ikkje bygd i stort mengd. Den vart snart følgd av T-80B, som hadde vorte utvikla som Objekt 219R.

Sidan lanseringa har T-80 vorte oppgradert mange gonger. Fleire land har kjøpt inn T-80 for testing, mellom anna Frankrike, Tyskland, India, Sverige, Storbritannia og USA. Kina kjøpte 200 T-80U seint i 1993. I 1999 kjøpte Kypros 41 vogner for heimevernet sit, og desse vart levert rett frå lager i Omsk, då fabrikken hadde ei mengd T-80U som ikkje hadde vorte levert til den russiske hæren på grunn av finansieringsproblemer.

Teknisk endre

Vognføreren sit framme i skroget, med vognkommandøren til høgre og skytteren til venstre i tårna. Pansringa er av sveist stål med ulike laminat. Kanona er med 125 mm glatt løp med høve til å fyra AT-8 Songster panservernsmissil. Motoren er ein gassturbin på 1 000 hestekrefter, kopla til ei manuell girkasse med fem gir framover og eitt i revers.

Variantar endre

T-80
T-80B
T-80BK
T-80BV
T-80BVK
T-80U
T-80UD
T-80UK
T-80UM
T-84

Referansar endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 27. september 2018, henta 26. september 2018 
  2. http://omskregion.info/news/53277-omskiy_letayuchshiy_tank_t_80_gotovyat_dlya_slujb_/

Kjelder endre