Opna hovudmenyen

Tabuk (arabisk تبوك, Tabūk), òg skrive Tabouk, er det adminsitrative senteret i Tabuk-regionen nordvest i Saudi-Arabia. Han har eit folketal på 534 893 (2010).

Tabuk
Tabouk, تبوك
by
Tabuk Chamber of Commerce.JPG
Tabuk handelskammer
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Region provinsen Tabuk
Høgd 760 moh.
Koordinatar 28°23′50″N 36°34′44″E
Folketal 534 893 (2010)
Tidssone AST (UTC+3)
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Tabuk

Tabuk ligg nær grensa til Jordan. Han husar den største flybasen i Saudi-Arabia.[1]

Geografi og klimaEndra

 
Snø i Tabuk

Tabuk har eit ørkenklima med varme somrar og milde vintrar. Temperaturen om sommaren varierer mellom 26 og 46 °C, medan han om vinteren kan ligge mellom −4 og 18°C. Snø er ganske vanleg og kan nå −6 °C. Det regnar i Tabuk-område frå november til mars med nedbørsmengder som varierer frå 50 til 150 mm.

Klimadata for Tabuk i Saudi-Arabia
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 27 29 35 37 42 42 45 43 42 38 33 29 45
Normal maks. temp. °C 18 20 25 31 35 38 39 39 37 32 25 20 29 9
Normal min. temp. °C 4 5 9 14 19 22 24 24 20 14 10 5 4
Kulderekord °C -7 -2 0 3 10 12 17 16 15 5 1 -3 -7
Nedbør (mm) 17.8 29.1 15.4 10.6 5.5 0 0 0 5.4 8.9 12.6 14.3
[treng kjelde]

HistorieEndra

Ptolemaios nemnte ein stad kalla Tabawa som låg nordvest i Arabia. Dette kan vere Tabuka.

Tabouk vart kjend etter islam nådde området i år 630 evt. for tilknytinga til eit slag som Muhammed utkjempa her. Sidan den gong har han vore ein inngangsport til Nord-Arabia. Han vart vitja av mange vestlege reisande som Doughty i 1877 og Huber i 1884.

Tabuk-regionen har mange funn frå antikken med hellereitingar, inskripsjonar, fort, palass, murar og ruinane av Hejazbanen.

GolfkrigenEndra

Tabuk vart eit senter for militæraktivitet under Golfkrigen då byen var truga av irakiske scud-missil og luftåtak. Som følgje av dette sette den pakistanske hæren ut eit luftforsvarsregiment i byen.

KjelderEndra

  1. Mackey, Sandra. The Saudis: Inside the Desert Kingdom. Updated Edition. Norton Paperback. W.W. Norton and Company, New York. 2002 (first edition: 1987). ISBN 0-393-32417-6 pbk. p.234.

BakgrunnsstoffEndra