Opna hovudmenyen

Taftanaz (arabisk تفتناز, òg skrive Teftanaz) er ein by nordvest i Syria i Idlib guvernement, 17 kilometer nordaust for Idlib. Av stader i nærleiken finn ein Ta'um og Binnish i sørvest, Maarrat Misrin i vest, Zardana i nordvest, Maarrat al-Ikhwan i nordaust og Bawabiyah i aust. Taftanaz er hovudsakleg ein jordbruksby og består av betongbygningar. Han er omgjeve av kveiteåkrar.[2]

Taftanaz
تفتناز, Teftanaz
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Idlib
Distrikt Idlib
Nahiyah Taftanaz
Koordinatar 35°59′49″N 36°47′12″E
Folketal 8 540 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+3)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS), hadde Taftanaz eit folketal på 8 540 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Taftanaz nahiyah som består av fem landsbyar med eit samla folketal på 24 145.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[3]

HistorieEndra

Namnet «Taftanaz» er verken arabisk eller tyrkisk. I staden har namnet truleg hettittisk opphav.[4] Taftanaz vart nemnt i ein inskripsjon i Karnak-tempelet som ein av stadane som vart erobra av Thutmose III under det 18. dynastiet i Egypt på 1400-talet fvt.[5]

Den syriske borgarkrigenEndra

Innbyggjarane i Taftanaz deltok i fleire demonstrasjonar mot den syriske regjeringa frå april 2011 og frametter, i starten av den syriske borgarkrigen. Mellom den første demonstrasjonen i april 2011 og april 2012, raida tryggingsstyrkar byen fire gonger. I oktober 2011 førte kampar mellom den syriske hæren og lokale opprørarar til at fem menneske mista livet i Taftanaz.[2] Den 21. mars 2012 førte harde kampar mellom hæren og opprørarne til at opprørarane vart tvungen ut av Taftanaz.[6]

Den 3. april 2012 bomba den syriske hæren Taftanaz før dei sette i gang eit tre dagar langt åtak mot byen. Minst 62 menneske skal ha mista livet og i juni hadde to tredjedelar av innbyggjarane flykta frå byen.[2] Andre kjelder skreiv at 56 innbyggjarar mista livet og at 60% av innbyggjarane hadde flykta, hovudsakleg nordover til Tyrkia.[7] Sjølv om innbyggjarane hevda at det var få opprørarar i byen, var opprørarar frå det generelle området ansvarlege for fleire åtak der ni stridsvogner vart øydelagde og fleire soldatar mista livet.[2]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Hubbard, Ben (18. juni 2012). «Syria Crisis: Taftanaz Massacre Haunts Town 2 Month Later». The Huffington Post. Originally published by Associated Press. Henta 13. juni 2014. 
  3. Abouzeid, Rania. Going Rogue: Bandits and Criminal Gangs Threaten Syria’s Rebellion. TIME. 2012-07-30.
  4. Palestine Exploration Fund, 1881, s. 222.
  5. Birch, 1891, s. 38.
  6. Syria Live Blog. Al Jazeera English. 2012-03-21.
  7. Espinosa, Javier. Syria: Defiance of village where army killed 39 from a single family. The Guardian. 2012-06-08.