Tambacounda
Tambacounda er ein by i det sentrale Senegal med 78 800 innbyggjarar (2007) . Byen er regionshovudstad i regionen med same namn.
Tambacounda | |||
by | |||
Land | Senegal | ||
---|---|---|---|
Region | Tambacounda-regionen | ||
Folketal | 78 800 (2007) | ||
Tambacounda 13°46′08″N 13°40′02″W / 13.768889°N 13.667222°W | |||
Wikimedia Commons: Tambacounda |
Staden blei opphavleg folkesett av mandinkefolk på utkanten av Maliriket, på dei vanlege trekkrutene til fedrivande fulafolk, og folkesett igjen av voloffolk som dreiv jordbruk tidleg på 1900-talet. Folkesetnaden i Tambacounda er ei blanding av dei fleste folkegruppene i Senegal.
Tambacounda ligg kring 400 km søraust for Dakar. Byen ligg ved Dakar–Niger-jernbanen, som han voks opp rundt i kolonitida. Jernbanen er framleis i bruk, men har lite passasjertrafikk. Byen ligg også ved hovudvegane N1 og N7, som er del av den trans-sahelske motorvegen som fører trafikk mellom Kayes-regionen i Mali og kystregionane til Senegal (Dakar, Thiès, Saint-Louis), dei tettast folkesette områda i begge landa.
Tambacounda er eit lokalt senter for tilverking av jordbruksprodukt, som hirse, sorghum, mais og bomull som viktige avlingar i området. Sodefitex driv ein stor bomullsfabrikk i byen.
Tambacounda-regionen er kjend for ein rik djembe- og dansekultur. Nokre av dei største djembemeistrane frå Segu i Mali kom til Tambacounda i midten av 1900-åra, og tok med seg arva og kunnskapen sin om djembe. Ein av dei kjende musikarane frå Tambacounda var Abdoulaye Diakité.
Niokolo-Koba nasjonalpark ligg like sør for byen, og er kjend for eit rikt dyreliv.
I 2003 blei to bygningar frå kolonitida, jernbanestasjonen Hôtel de la Gare og Préfecture-bygniingen, sette på Senegal si liste over Monuments historiques.[1]
Kjelder
endre- ↑ Arrêté du 27 mars 2003 Arkivert 2012-02-07 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Tambacounda» frå Wikipedia på dansk, og «Tambacounda» frå Wikipedia på engelsk den 26. mars 2023.