Tanera Mòr
Tanera Mòr (skotsk-gælisk Tannara Mòr) er ei øy i Loch Broom i Indre Hebridane i Skottland. Ho er den største av øyane i Summer Isles og den einaste busette øya i øygruppa. Tanera Mòr er kjend for sine eigne frimerke og som staden der handlinga i boka til Frank Fraser Darling, Island Years, finn stad.
Tanera Mòr | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 58°00′16″N 5°23′57″W / 58.004454°N 5.399136°W |
Øygruppe | Summer Isles
|
Areal | 3,10 km²
|
Høgaste punkt | Meall Mòr (124 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Highland
|
Demografi | |
Folketal | 5 (2001) |
Folketettleik | 1,6 /km² |
Geografi
endreTanera Mòr er rundt 310 hektar stor og det høgaste punktet er Meall Mòr på 124 meter over havet. Berggrunnen på øya består av torridonsk sandstein dekt av torv og beitemark.
Historie
endreØya var ei hamn for sildefiske og vart hardt råka då sildeindustrien gjekk dårleg. Det låg to busetnader på øya, Ardnagoine og Garadheancal.
I 1881 var det minst 118 menneske på Tanera Mòr, men alle hadde reist i 1931. Sidan den gong har det berre periodevis vore fast busetnad her. I 2001 budde det fem menneske på øya. Mange av dei gamle hyttene er reonverte og vert i dag nytta som feriehus.
Anlegg og infrastruktur
endreDet ligg eit anlegg for lakseoppdrett ved Tanera Mòr, fleire feriehus, ein liten segleskule, ein kafe og eit postkontor som har gjeve ut eigne frimerker sidan 1970. Øya har ingen vegar. Det går båt til øya frå Achiltibuie i Wester Ross og Ullapool.
Dyre- og planteliv
endreØya har mange forskjellige blomar, sidan det ikkje har vore beite på øya dei siste 25 åra. På nordsida finn ein orkidear og nattfiolar. Det finst ein del oter, kobbe og gråsel, og om sommaren er det mogeleg å sjå brugder og niser. Av fuglar finn ein ærfugl, fiskehegre, skotsk lirype og musvåk.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tanera Mòr» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Keay, J. & Keay, J. (1994) Collins Encyclopaedia of Scotland. London. HarperCollins. (Entry: Summer Isles)