Tangerine
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin III
Utgjeve 5. oktober 1970
Innspelt Mai - august 1970
Sjanger Folkrock
Lengd 3:10
Selskap Atlantic
Komponist Jimmy Page
Låtskrivar(ar) Jimmy Page
Produsent Jimmy Page

«Tangerine» er ein folkrocksong skriven av Jimmy Page og framført av det engelske rockebandet Led Zeppelin. Han vart gjeven ut på albumet deira Led Zeppelin III i 1970.

Som mange Led Zeppelin-songar skriven av Page, hadde han opphav i ein gammal Yardbirds-song, i dette tilfellet ein song kalla «Knowing That I'm Losing You».[1] The Yardbirds-versjonen hadde ein annan tekst, med unntak av verset som startar med «Measuring a summer's day».

Songen har ein akustisk country-stil med pedalsteelgitar av Page.[1][2] Songen byrjar med ein falsk start, før ein pause der Page så set i gang i rett tempo. Gjennom heile songen endrar han tempo eit par takter om gongen, medan teksten omhandlar kjærleik og tilfredsheit. Det var den nest siste Led Zeppelin-songen Page skreiv utan medverknad frå Robert Plant. («Bron-Yr-Aur» frå Physical Graffiti var den siste.)

Songen nyttar eit enkelt dobbel vokalspor for å skape ei melodiøs kjensle. Songen nyttar ein standard Am G D C progresjon for versa før han går over i ein G C D progresjon for refrenget.

«Tangerine» vart ofte spela som ein del av det akustiske settet på konsertane deira i 1971 og 1972, og henta fram att for Earl's Court i 1975.[1] At

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  2. Steven Rosen, 1977 Jimmy Page Interview Arkivert 2011-01-05 ved Wayback Machine., Modern Guitars, May 25, 2007 (originally published in the July 1977, issue of Guitar Player magazine).