Tanzanitt er ein edelstein, ein blåfarga, klår varietet av mineralet zoisitt. Fargen kan intensiverast ved varmebehandling.

Tanzanitt

Tanzanitt, råstein og slipt stein.
Generelt
KategoriSorosilikat
Kjemisk formel(Ca2Al3(SiO4)(Si2O7)O(OH))
Strunz-klassifisering09.BG.10
Identifikasjon
Fargelilla til blå
Krystallformkrystallar flatpressa i nålform, kan vere trådaktig boga
KrystallsystemOrtorombisk
Kløyvperfekt {010} uperfekt {100}
BrotUjamn til muslig
Mohs hardleiksskala6.5
Glansglasaktig, perleaktig på kløyvflater
StrekfargeKvit eller fargelaus
Spesifikk vekt3,10–3,38
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa positiv
Brytingsindeks1.69–1.70
Dobbeltbryting0.006–0.018
PleokroismeFinst, dikroisme eller trikroisme avhengig av farge.

Tanzanitt blei oppdaga i 1967 i Det vart oppdaga i Mereraniåsane i regionen Manyara nord i Tanzania i 1967, nær byen Arusha og Kilimanjaro. Gruvedrifta blei starta med ein gong, men berre små gruver drivne av lokale hender. Det er ikkje vanleg at ein finn store mengder av tanzanitt; for det meste kjem det ut berre små steinar. Dei gongene det er mogleg å ta ut større steinar, blir dei ofte kjøpt av samlarar, og prisane kan då bli svært høge.

Per 2007 har ein ikkje funne tanzanitt nokon anna stad i verda enn i Tanzania.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre