Tapani Talo

amerikansk arkitekt

Tapani Talo (fødd i 1950 som Tapani Tapanainen) er ein finsk-amerikansk arkitekt, som òg har arbeid som lydteknikar. Han er mest kjend som studioteknikar for Rolling Stones Mobile tidleg og midt i 1970-åra.[1]

Tapani Talo
Fødd1950 (74 år)
OpphavUSA
Verka somarkitekt

Karriere

endre

Han vart fødd i Lahti i Finland i 1950 og flytta til Australia saman med foreldra då han berre var eitt år gammal. Familien returnerte til Finland i slutten av 1950-åra. Talo jobba som lydteknikar i Dipoli kongressenter i Otnäs i Esbo frå 1967 til 1972. Samtidig arbeidde han som frilansfotograf for ulike magasin og var òg DJ.[1]

I desember 1972 drog han til Abbey Road Studios i London og enda opp med å jobba for George Martin sitt Associated Independent Recording-studio. I februar 1973 jobba han som teknikar på Black Sabbath sine konsertar i Europa, og frå desse opptaka laga dei livealbumet Live at Last. I mars same år var han i Frankrike for å spela inn eit album for bandet kalla Tucky Buzzard. Produsenten deira var Bill Wyman, som deretter hyra Talo til å jobba for Rolling Stones sitt mobilstudio. Der jobba han fram til 1977.[1]

I 1974 byrja Talo arkitektstudia i London og heldt fram dei i Indiana etter at han flytta til USA i 1977. Sidan 2002 har han drive sitt eige studio, NY Super Studio Architects i New York.[1]

Innspelingar

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Huhtamäki, Mikael (30. desember 2012). «Rundilla Rollareiden kanssa» [On the Road with the Stones]. Helsingin Sanomat (på finsk). Henta 15. november 2019.