Opna hovudmenyen
Burn
Studioalbum av Deep Purple
Utgjeve 15. februar 1974
Innspelt november 1973 i Montreux i Sveits
Sjanger Hardrock, heavy metal, bluesrock
Lengd 41:37
Selskap EMI/Purple
Produsent Deep Purple
Kritikk
Deep Purple-kronologi
Who Do We Think We Are
(1973)
Burn Stormbringer
(1974)


Burn er det åttande studioalbumet til engelske rockebandet Deep Purple. Det vart spelt inn i Montreux i Sveits i november 1973 med Rolling Stones Mobile Studio, og kom ut i februar 1974.

Innhaldsliste

Innspeling og utgjevingEndra

Albumet var det første med den nye vokalisten David Coverdale og den nye bassisten og vokalisten Glenn Hughes frå Trapeze. Dette var det første Deep Purple-albumet med Mark III-besetninga. Med Coverdale og Hughes i bandet, vart hardrockstilen til Purple meir boogie-aktig, med element av soul og funk som vart meir tydeleg på det neste albumet, Stormbringer.

«Coronarias Redig» vart spelt inn under desse innspelingane, men ikkje nytta på albumet. Han kom ut som B-side til singelen «Might Just Take Your Life». Songen er gjeven ut som bonusspor på jubileumsutgåva av albumet.

«Might Just Take Your Life» kom ut tre dagar før sjølve albumet, den 12. februar, og var den første singelen til Deep Purple i Storbritannia på to år.

InnhaldEndra

Original utgåveEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Burn»  Blackmore, Lord, Paice, Coverdale 6:00
2. «Might Just Take Your Life»  Blackmore, Lord, Paice, Coverdale 4:36
3. «Lay Down, Stay Down»  Blackmore, Lord, Paice, Coverdale 4:15
4. «Sail Away»  Blackmore, Coverdale 5:48
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «You Fool No One»  Blackmore, Lord, Paice, Coverdale 4:47
2. «What's Goin' On Here»  Blackmore, Lord, Paice, Coverdale 4:55
3. «Mistreated»  Blackmore, Coverdale 7:25
4. «'A' 200»  Blackmore, Lord, Paice 3:51

Bonusspor på 30-årsjubileumsutgåvaEndra

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
9. «Coronarias Redig» (2004-miks)Blackmore, Lord, Paice 5:30
10. «Burn» (2004-miks)Blackmore, Hughes, Lord, Paice, Coverdale 6:00
11. «Mistreated» (2004-miks)Blackmore, Coverdale 7:28
12. «You Fool No One» (2004-miks)Blackmore, Hughes, Lord, Paice, Coverdale 4:57
13. «Sail Away» (2004-miks)Blackmore, Coverdale 5:37

MedverkandeEndra

KjelderEndra

  1. «Burn». Allmusic. Henta 28. mai 2012. 
  2. Barnes, Ken (25 april 1974). «Album reviews Deep Purple». Rolling Stone. Wenner Media. Henta 28. mai 2012. 
  3. «CG: Deep Purple». Robert Christgau. Henta 28. mai 2012.