Opna hovudmenyen

Ville Juha Tapio Piipponen (fødd 21. juni 1957) er ein finsk tidlegare skiskyttar frå Sotkamo som vann bronsemedaljen på 20 km under VM i skiskyting 1985 i Ruhpolding. Han gjekk vanlegvis litt for sakte i løypa til å hevde seg heilt i verdstoppen. Einast framfrå skyting gav han gode plasseringar, noko som viste seg under verdsmeisterskapen i Ruhpolding, der han trefte på alle dei 20 skota på 20-kilometeren. Også verdsmeisteren, Jurij Kasjkarov frå Sovjetunionen, skaut feilfritt.

Tapio Piipponen
Statsborgarskap Finland
Fødd 21. juni 1957
Sotkamo
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar

Besteplasseringar i internasjonale meisterskapEndra

  • 1981: Nr 11 på 10 km i Lahti
  • 1982: Nr 23 på 10 km i Minsk
  • 1984: Nr 12 på 20 km i Sarajevo
  • 1985: Bronsemedalje på 20 km i Ruhpolding
  • 1986: Nr 9 på 10 km i Oslo
  • 1987: Nr 6 på 20 km i Lake Placid
  • 1988: Nr 7 på 10 km og 8 på 20 km i Calgary
  • 1989: Nr 11 på 20 km i Feistritz

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar