Taran er eit personnamn som kan brukast av både kvinner og menn.

På norsk er Taran ei målføreform av kvinnenamnet Torunn, særleg bruka i Buskerud og Telemark. Namnet har opphav i norrønt Þórunnr, samansett av gudenamnet Tor og verbet unna som tyder 'elske'.

Namnet er òg bruka som mannsnamn i fleire ulike tradisjonar. På sanskrit og avleidde språk tyder ordet 'himmel' eller 'fartøy', og er brukt som mannsnamn blant hinduar og sikhar. Namnet er også kjend blant tidlege britar; det var brukt av ein piktisk konge og er også kjend som eit gælisk namn. Namnet er avleidd frå toreguden Taranis. Det tyder 'tore' og er i slekt med dei nordiske namna Tor og Tore.

Bruken av namnet i NoregEndra

I folketeljinga i 1801 nær hundre manntalsførte med namnet Taran eller Tarand, 28 av desse budde i Ål i Hallingdal.

I teljinga frå 1900 var det 33 kvinner og ein mann som hadde dette namnet.[1]

I 2008 var det meir enn 150 kvinner og 8 menn som hadde Taran til første fornamn.

Kjende namneberararEndra

KvinnerEndra

MennEndra

Annan brukEndra

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra