Eunice Barber (fødd 17. november 1974) er ein sierraleonsk-fransk tidlegare friidrettsutøvar, fødd og oppvaksen i Freetown i Sierra Leone. Ho representere Sierra Leone til 1998, sidan 1999 Frankrike. Barber vart verdsmeister i sjukamp i 1999 og i lengdehopp i 2003.

Eunice Barber
Osaka07 D3M Eunice Barber.jpg
Fødd 17. november 1974
Freetown
Yrke friidrettsutøvar
Eunice Barber på Commons

AktivEndra

Barber braut gjennom i 1995 med ein fjerdeplass i sjukamp under friidretts-VM 1995 i Göteborg og siger i lengdehopp ved dei panafrikanske leikane i Harare. Ho vart fransk statsborgar i februar 1999. Eit halvt år seinare sette ho personleg rekord med 6 861 poeng i sjukamptevlinga under VM 1999 i Sevilla og vann ein klar siger framom britiske Denise Lewis og Ghada Shouaa frå Syria.

VM i friidrett 2003 fann stad i Paris, var ho sjanselaus mot svenske Carolina Klüft i sjukampen. Klüft plukka 7 001 poeng, 246 fleire enn sølvvinnar Barber. Derimot lukkast Barber å vinne gullmedaljen i lengdehopp då ho smelte til med 6,99 meter i siste omgangen. Også i VM 2005 måtte Barber sjå seg slått av Klüft i sjukamp, men differansen var skrumpa til 63 poeng. I lengdetevlinga enda Barber på bronseplassen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra