Tatjana Sjikolenko

Tatjana Ivanovna Sjikolenko (fødd 10. mai 1968) er ein russisk tidlegare spydkastar frå Krasnodar som vann sølv i EM 1998, VM 1999 og VM 2003. Ho representerte etter tur Sovjetunionen, Kviterussland i 1992-95 og frå 1996 Russland. Natalja Sjikolenko er ei eldre syster.

Aktiv endre

Tatjana Sjikolenko slo gjennom i 1993 då ho kom på fjerdeplass ved verdsmeisterskapen i Stuttgart, systera Natalja tok bronsemedaljen. Sjølv vann ho si fyrste internasjonale medalje ved europameisterskapen 1998 i Budapest, ein sølvmedalje. Året etter vann ho ein ny sølvmedalje, under VM 1999 i Sevilla kasta ho 66,37 m. Ho vart slått med 72 cm av Hellas Mirela Manjani og nådde 31 cm lengre enn norske Trine Hattestad.

Etter å ha vorte høvesvis nummer sju og nummer ni ved Sommar-OL i Sydney og Friidretts-VM 2001 i Edmonton, melde Sjikolenko seg på att i medaljestriden under europameisterskapen 2002 i München. Ho enda der opp på fjerdeplass, 26 cm unna bronsen. I sitt siste store meisterskap, VM 2003 i Paris, vann Sjikolenko sitt andre VM-sølv med eit lengstekast på 63,28 m, klart slått av verdsmeister Manjani.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre