Mirela Manjani (fødd 21. desember 1976) er ein albansk-gresk tidlegare spydkastar frå Durrës i Albania. Ho vart verdsmeister i øvinga i 1999 og 2003 og europameister i 2002.

Mirela Manjani
Statsborgarskap Hellas, Albania
Fødd 21. desember 1976 (47 år)
Durrës
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Aktiv endre

Manjani deltok i internasjonal friidrett for fødelandet Albania fram til 1997. Ho gifta seg då med vektløftaren Giorgios Tzelilis og vart gresk statsborgar. I 1999 vann Manjani VM-gull i Sevilla framom russiske Tatjana Sjikolenko og norske Trine Hattestad. Under dei olympiske sommarleikane i Sydney hausten 2000 sette Manjani gresk rekord med 67,51 m, men hennar livs lengste spydkast heldt ikkje til gull, etter som norske Trine Hattestad presterte 68,91 m i fyrste omgangen. Året etter tok Manjani eit nytt internasjonalt sølv under VM 2001, då bak cubanske Osleidys Menéndez.

Både i friidretts-EM 2002 og VM 2003 steig Manjani til topps etter spydtevlinga, i begge meisterskapane var ho i ei lita klasse for seg. I si siste store meisterskapstevling, Sommar-OL 2004 i Aten, kneip ho bronsen i siste omgangen, seks centimeter framom tsjekkiske Nikola Brejchová.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre