Tau-lepton
ladd elementærpartikkel
Eit tau-lepton eller τ-lepton er ein elementærpartikkel og det tyngste leptonet med elektrisk ladning. Tau-leptonet har særs like eigenskapar som elektronet og myonet, som er dei to andre elektrisk ladde leptona. Det er derimot langt tyngre med ein masse på kring 1,8 GeV/c², som er kring dobbelt så tungt som protonet. Levetida til tau-leptonet er kring 3·10–13 sekund, og vart oppdaga i midten av 1970-åra av Martin Lewis Perl. Han fekk Nobelprisen i fysikk for denne oppdaginga i 1995.
Samansetnad | Elementærpartikkel | ||
---|---|---|---|
Gruppe | Lepton | ||
Generasjon | Tredje | ||
Fundamentalkraft | Gravitasjon, elektromagnetisk, svak | ||
Symbol | τ− | ||
Antipartikkel | Antitau (τ+) | ||
Oppdaga | Martin Lewis Perl et al. (1975)[1] | ||
Masse | 1 776.82±0.16 MeV/c2[2] | ||
Elektrisk ladning | −1 e[2] | ||
Spinn | 1⁄2[2] |
Kjelder
endre- «tau-lepton». Store norske leksikon. 14. oktober 2011.
- ↑ L. B. Okun (1980). Leptons and Quarks. V.I. Kisin (trans.). North-Holland Publishing. s. 103. ISBN 978-0444869241.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 J. Beringer et al. (Particle Data Group) (2012). «Review of Particle Physics. Leptons». Journal of Physics G 86 (1): 581–651. Bibcode:2012PhRvD..86a0001B. doi:10.1103/PhysRevD.86.010001.