Teach Your Children
Teach Your Children Singel av Crosby, Stills, Nash & Young frå albumet Déjà Vu | ||
B-side |
«Carry On» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | mai 1970 | |
Innspelt | 1969 | |
Sjanger | Countryrock | |
Lengd | 2:53 | |
Selskap | Atlantic Records | |
Komponist | Graham Nash | |
Tekstforfattar | Graham Nash | |
Låtskrivar(ar) | Graham Nash | |
Produsent | Crosby, Stills, Nash & Young | |
Crosby, Stills, Nash & Young-kronologi | ||
«Woodstock» (1970) |
Teach Your Children | «Ohio» (1970)
|
«Teach Your Children» er ein song skriven av Graham Nash. Sjølv om han vart skriven då Nash var medlem av The Hollies, vart han aldri innspelt av bandet og kom først ut på albumet Déjà Vu av Crosby, Stills, Nash & Young i 1970. Jerry Garcia spelar pedalsteelgitar på innspelinga. Songen vart gjeven ut som singel og denne nådde 16. plass på den amerikanske singellista same året.[1]
Nash, som òg er fotograf og fotografisamlar, har sagt i eit intervju at inspirasjonen for songen kom frå eit kjent fotografi av Diane Arbus kalla «Child with Toy Hand Grenade in Central Park». Biletet syner eit barn med eit sint andletsuttrykk som held eit leikevåpen, noko som fekk Nash til å tenke over meldingane samfunnet sender til born omkring og andre saker.[2]
I 1994 song Crosby, Stills & Nash gjestevokal på songen for countryartistane Suzy Bogguss, Alison Krauss og Kathy Mattea, tilskriven på innspelinga som The Red Hots. Denne versjonen finst på albumet Red Hot + Country, som var til stønad for AIDS. Denne utgåva nådde 75. plass på countrylista i USA i oktober 1994.[3]
Medverkande
endre- David Crosby–harmonivokal
- Stephen Stills–harmonivokal, gitar, bass
- Graham Nash–solovokal, rytmegitar, perkusjon
- Dallas Taylor–trommer, tamburin, perkusjon
- Jerry Garcia–pedalsteelgitar
Salslister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Teach Your Children» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2010.
- ↑ «Déjà Vu: Billboard Singles». Allmusic. Henta 24. oktober 2010.
- ↑ Interview with Bob Edwards, "Bob Edwards Weekend," broadcast on NPR februar 14, 2009
- ↑ Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 342. ISBN 0-89820-177-2.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ RPM Weekly 100, 1. august 1970
- ↑ «Jaaroverzichten – Single 1970» (på nederlandsk). Single Top 100. Hung Medien. Henta 13. januar 2019.
- ↑ Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
- ↑ Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 61.
- ↑ Cash Box Top 100 Singles, 1. august 1970
- ↑ «Forum - 1970 (ARIA Charts: Special Occasion Charts)». Australian-charts.com. Arkivert frå originalen 20. oktober 2016. Henta 13. januar 2019.
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». collectionscanada.gc.ca.
- ↑ «Jaaroverzichten – Single 1970» (på nederlandsk). Single Top 100. Hung Medien. Henta 13. januar 2019.
- ↑ Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X.