Opna hovudmenyen
Tell Her About It
Singel av Billy Joel
frå albumet An Innocent Man
Utgjeve 28. juli 1983
Sjanger poprock
Lengd 3:52
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi
«Goodnight Saigon»
(1983)
Tell Her About It «Uptown Girl»
(1983)


«Tell Her About It» er ein song av Billy Joel frå albumet An Innocent Man i 1983. Songen er ei hyllest til Motown-stilen og singelen nådde toppen av Billboard Hot 100-lista i ei veke i 24. september 1983, og erstatta den Phil Ramone-produserte songen «Maniac» av Michael Sembello. Singelen selde til gull med over ein halv million eksemplar i USA. I intervju har Joel sagt at songen, høyrt ut av samanhengen på albumet «Innocent Man», høyres meir ut som Tony Orlando og Dawn enn Motown-stilen han hadde tenkt.

Ein 'special version' miksa av John «Jellybean» Benitez vart gjeven ut som ein 12" maxi-singel. Plateomslaget var forskjellig frå land til land. Den remixa versjonen var forskjellig frå albumet og var lengre, kring 5:35. På B-sida var «Easy Money» og eit konsertopptak av «You Got Me Hummin'» avIsaac Hayes og David Porter.[1] Denne songen var mellom anna spelt inn av Sam & Dave, Cold Blood og The Hassles (eit av dei første banda til Joel).

I teksten på songen formanar songaren ein ung mann om å fortelje kvinna han elskar om korleis han føler for ho, før det vert for seint for han.

Videoen til singelen syner Joel som syng songen som om han var på The Ed Sullivan Show i 1963. Omslaget for den britiske versjonen av singelen er henta frå denne videoen.

ListerEndra

Liste (1983) Plassering
Australia 9
Belgia (Flandern)[2] 19
Canada[3] 5
Nederland[4] 39
Irland 2
Japan Oricon Singles Chart 58
New Zealand 12
Sør-Afrika[5] 3
UK Singles Chart 4
US Billboard Hot 100 1
US Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 1
US Billboard Top Rock Tracks 17

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra