Tell Salhab (arabisk تل سلحب, òg skrive Tal Selhab) er ein by nord i Syria i Hama guvernement, som ligg 48 km nordvest for Hama. Han ligg heilt sør på Ghabsletta og på vestbreidda av Orontes.[1] Av stader i nærleiken finn ein Nahr al-Bared, Asharnah og al-Suqaylabiyah i nord, Deir Shamil og Deir Mama i sør, Tremseh, Mhardeh og Halfaya i aust.

Tell Salhab
تل سلحب
by
Tal Salhab.jpg
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Hama
Distrikt Al-Suqaylabiyah
Nahiyah Tell Salhab
Koordinatar 35°15′39″N 36°22′56″E
Folketal 15 454 (2004)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Tell Salhab eit folketal på 15 454 i 2004. Han er òg senter i ein nahiyah («underdistrikt»), som er ein del av Al-Suqaylabiyah-distriktet. Dette består av 18 stader med eit samla folketal på 38 783 i 2004.[2] Tidleg i 1960-åra hadde byen kring 700 innbyggjarar. Innbyggjarane er hovudsakleg alawittar.[3]

Byen var det tradisjonelle setet i klanen Junaydi, som ofte leia alawittar-forbundet Kalbiyya.[4] I 1978 vart eit 5 200 m² sukkerraffineri bygt i Tell Salhab til ein kostnad på $50 millionar. Raffineriet bestod av ein sukkerroesilo, eit vaskeanlegg, ei presse og tørkeanlegg, og eit vassreservoar.[5]

Arkeologiske funnEndra

Nær Tell Salhab ligg Tell 'Acharneh, ein stor haug som ein trur kan vere staden byen Tunip låg i antikken. Det vart før borgarkrigen drive utgravingar på staden.

KjelderEndra

  1. «لمحة موجزة عـن مدينة تــــــل سلحــــــب» (på arabisk). محافظة حماة. 3 mars 2011. Henta 25. desember 2012. 
  2. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Hama guvernement. (arabisk)
  3. Boulanger, Robert (1966). The Middle East, Lebanon, Syria, Jordan, Iraq, Iran. Hachette. s. 452. 
  4. Batatu, Hanna (1999). Syria's Peasantry, the Descendants of Its Lesser Rural Notables, and Their Politics. Princeton University Press. s. 377. ISBN 0691002541. 
  5. «Salhab sugar refinery nears completion». The Middle East Economic Digest 22. 1978. s. 43.