VELKOMMEN TIL TEMASIDA OM TEKNOLOGI

endre  

Innleiing


Teknologi er utviklinga og bruken av nye verktøy, maskinar, materiale og prosessar som hjelper menneska i å løysa problem. Menneska har drive med teknologi sidan steinalderen, og han er dermed ein av dei eldste vitskapane. Ordet blir òg brukt som ei nemning på teknisk utviklingsnivå i eit samfunn.

endre  

Utvald artikkel


Ekkokardiografi er undersøking av hjartet på menneske eller dyr med ultralyd. Prosedyren kan brukast diagnostisk, eller for å rettleie terapeutiske intervensjonar. I daglegtale på sjukehus blir han ofte kalla ekko-Doppler, ekko for det todimensjonale strukturbiletet, og Doppler for fartsmålingane.

Hjartet kan visast som to-dimensjonale skiver, som eit tredimensjonalt volum eller berre langs ein isolert stråle. Dette kan ein visa som still-bilete eller levande film. Fartsmålingar frå blod eller muskelvev kan visast isolert som kurver eller lagde oppå strukturbileta, med fargekodar som viser fart og retningar for rørsler.

Føremoner med metoden er at han er ufarleg, rask, gjev dynamisk informasjon om hjartet, relativt billeg og kan nyttast på alle legekontor. Ulemper med metoden er at han er særs operatøravhengig og krev mykje røynsle og ekspertise av operatøren, det er vanskeleg å sjå nokre delar av hjartet og dei store kara og at det for mange problemstillingar er vanskeleg eller umogeleg å gje ut svar i form av tal som kan samanliknast mellom pasientar og undersøkingar.

Bruk av kontrastmiddel hos pasientar med dårleg innsyn, automatiserte målingar og betre utstyr gjer ulempene mindre.

endre  

Utvald bilete...


Mount Pleasant radioobservatorium.

endre  

Visste du at...


endre  

På Wikimedia


Teknologi på  Wikinytt  Teknologi på  Wikifrasar  Teknologi på  Wikibøker  Teknologi på  Wikisource  Teknologi på  Wiktionary  Teknologi på  Wikiversity  Teknologi på Wikimedia Commons
Frie nyhende Frie sitat Frie bøker og manualar Frie kjeldetekstar Ordbok og synonymordbok Frie læremiddel Felles medialager
endre  

Hovudtema på Nynorsk Wikipedia