VELKOMMEN TIL TEMASIDA OM GEOGRAFI

endre  

Innleiing


{{{2}}}

Geografi er studiet av jordoverflata, både korleis ho ser ut fysisk og korleis folk lever der. Eit norsk ord for geografi er jordskildring, og det er nettopp det geografi tyder, sett saman av dei greske orda ('jorda') og graphein ('skriva' eller 'skildra').

Ei viktig grein av jordskildringa er det å laga kart, eller kartografi. Men faget omfattar mykje meir enn dette. Det tar for seg kva ressursar som finst og kva som vert produsert ulike stader, klima, kor menneske bur, og korleis dei lever.

endre  

Utvald artikkel


{{{2}}}

Fitjar (uttale (IPA) ["ficça]) er ein kommune i Hordaland fylke, i Sunnhordland. Størstedelen av kommunen ligg på øya Stord, der kommunen Stord ligg i sør, og Fitjar kommune ligg i nord. I tillegg til Stord er mange øyar ut mot Selbjørnsfjorden ein del av øykommunen Fitjar.

Fitjar vart eigen heradskommune i 1860. Etter 1964 grensar kommunen i sør og søraust til Stord, i aust og nord til Tysnes, i nordvest mot Austevoll og i sørvest og sør til Bømlo. Før 1964 høyrde også søraustsida av øya Selbjørn og Huftarøy til Fitjar. Fram til 1898 var kommunenamnet Fitje.

Fitjar var i lange tider ein kongsgard og truleg eit høvdingsete sidan bronsealderen, og i dag er staden kanskje mest kjend for slaget på Fitjar. Sogespelet Kongen med Gullhjelmen eller Håkonarspelet er eit spel til minne om kong Håkon I den gode og slaget. Kva år slaget stod, er ein ikkje viss på, men ein reknar at det var anten i år 959, 960 eller 961. Håkonarparken ligg i Fitjar med ein statue av Håkon den gode. Statuen er laga av bilethoggaren Anne Grimdalen og vart avduka av kong Olav V i 1961 under 1000-årsjubileet for slaget på Fitjar.
endre  

Utvald bilete...

endre  

Visste du at...


  • ...Ceauru er namnet på ein kunstig innsjø i Romania som styresmaktene vart lurt til å tru stod ferdig i 1968 og trass i at han aldri vart bygd så er han framleis teikna inn på kart over området i dag?
  • ...den kunstige øya Ada Bojana på nesten 5 km² i Montenegro vart danna då eit skip sokk ved munningen av elva Bojana og avleiringar samla seg kring skipet?
  • ...Liechtenstein og Usbekistan er dei einaste landa i verda utan kyst som grenser til andre land som heller ikkje har kyst?


endre  

Geografi i Europa og Asia



endre  

På Wikimedia


Geografi på  Wikifrasar  Geografi på  Wikibøker  Geografi på  Wiktionary  Geografi på  Wikiversity  Geografi på Wikimedia Commons
Frie sitat Frie bøker og manualar Ordbok og synonymordbok Frie læremiddel Felles medialager
endre  

Hovudtema på Nynorsk Wikipedia