Temples er eit psykedelisk rockeband frå byen Kettering. Bandet vart stifta i 2012 av vokalist James Edward Bagshaw og bassist Thomas Edward Walmsley. Dei har mottatt mykje omtale og merksemd i løpet av den korte levetida til bandet.

Temples

Livekonsert frå Rough Trade East, 2. desember 2014
OpphavKettering i Northamptonshire i England
Aktiv2012—
Sjanger
PlateselskapHeavenly Records
MedlemmerJames Edward Bagshaw
Thomas Edward James Warmsley
Samuel Lloyd Toms
Adam Smith

Historie endre

Bandet var opphavleg danna som eit heimestudio-prosjekt i 2012 av Walmsley og Bagshaw.[1][2] Duoen, Bagshaw og Walmsley, hadde tidlegare jobba saman med indiepop-bandet The Moons. Vokalist Bagshaw har også spelt med The Lighting Seeds og jobba i saman indiebandet Sukie frå Kettering, som vart danna i 2006. Bandet fekk suksess då debutsingelen «Pink-A-Pade» kom på nummer 1 på UK Indie Chart.[3]

Walmsley og Bagshaw lasta fire sjølvproduserte songar på YouTube som fanga merksemda til Jeff Barrett, grunnleggjar av Heavenly Recordings, som ville utgje «Shelter Song» som singel i november 2012.[4][5] Duoen henta inn kameraten Samuel Lloyd Toms, som vart trommeslagaren i Temples, og Adam Smith på keyboard, slik at bandet kunne øva i lag og opptre på scena, noko Temples ikkje hadde gjort før.[6] Bandet gav ut sin andre singel, «Colours to Life», i juni 2013.

 
Temples på scena på Coachella i 2014

Etter å ha spelt på som oppvarmingsband for band som Kasabian,The Vaccines, Suede og Mystery Jetsbritiske og europeiske festivalar, annonserte bandet i 2013 ein eigen Storbritannia-turné frå juni til november.[7] I november 2013 annonserte bandet utgjevingsdatoen til debutalbumet deira, Sun Structures, som skulle koma for sal i februar 2014.[8] Bandet har òg gitt seg ut på turnear i Nord-Amerika, Australia og land i Europa.[9] Bandet opptredde første gong på landsdekkande fjernsyn den 30. juli 2014 på The Tonight Show Starring Jimmy Fallon med songen «Shelter Song». Berre dagar etter opptredde dei på amerikanske The Ellen Show, med den same songen.[10]

Det at bandet har vore relativt lite spelt på radio, spesielt BBC Radio 1, har vorte kritisert av musikaren Noel Gallagher.[11] På ei anna side vart debutalbumet Sun Structures det mest spelte albumet på den amerikanske radiostasjonen KEXP Seattle våren 2014.[1]

Innspeling endre

I eit intervju med Sound of Boston, uttalte frontfigur og vokalist Bagshaw at signeringa med plateselskapet Heavenly ikkje endra noko av innspelingsprosessen med debutalbumet.[12] Innspelinga føregjekk på bandet sine premiss. Bagshaw uttalte at «everything stayed exactly the same. We signed a deal and had some chats with people at Heavenly [Records]. At no point did they say, you know, go into the studio.»[12] Mange av songane, singlane, var allereie spelt inn, og plateselskapet uttrykte ikkje at Temples skulle spela dei inn på nytt, grunna kvaliteten.[1] Bagshaw sa at dei ikkje fekk velja sjølv, ville dei nok ikkje ha signert til Heavenly Recording, fordi «we liked the idea of what we were doing».[12]

Medlemar endre

Diskografi endre

Singlar endre

  • «Shelter Song» / «Prisms» (12. november 2012)
  • «Colours to Life» / «Ankh» (24. juni 2013)
  • «Keep in the Dark» / «Jewel Of Mine Eye» (7. oktober 2013)
  • «Mesmerise» (20. november 2013)[13]

Studioalbum endre

Remix-utgjevnadar endre

  • Shelter Song Remix EP (7. juli 2014)
  • Sun Restructured (10. november 2014)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 ««Temples - Full Performance (Live on KEXP)»». KEXP. YouTube. Henta 11. desember 2014. 
  2. Tuffrey, Laurie (16. juli 2013), «Ascending The Golden Throne: Temples Interviewed», The Quietus, henta 13. desember 2014 
  3. ««Discography of Sukie»». sukie.musikear.com. Henta 21. desember 2014. 
  4. Jamieson, Sarah (21. juni 2013), «Temples: 'You Never Know Where A Song Is Destined To Go'», DIY, henta 22. desember 2014 
  5. «Temples announce debut single ‘Shelter Song’ with Heavenly», Heavenly Recordings, 23. oktober 2012, arkivert frå originalen 3. desember 2013, henta 22. desember 2014 
  6. Gourlay, Dom (5. april 2013), «Dis meets Temples», Drowned in Sound, arkivert frå originalen 22. juni 2013, henta 22. desember 2014 
  7. ««TEMPLES announce UK headline tour, Autumn 2013»». Press Party. Henta 22. desember 2014. 
  8. «Temples announce details of debut album 'Sun Structures'», New Musical Express, 18. november 2013, henta 22. desember 2014 
  9. Bastiani, Gemma (10. februar 2014), «The Au interview:», The AU Review, arkivert frå originalen 31. mars 2016, henta 23. desember 2014 
  10. ««Temples Perform 'Shelter Song'»». TheEllenShow. YouTube. Henta 22. desember 2014. 
  11. «Noel Gallagher criticises BBC Radio 1 for ignoring Temples and Jagwar Ma», New Musical Express, 16. oktober 2013, henta 23. desember 2014 
  12. 12,0 12,1 12,2 Buckle, Jenna (20. november 2013), «Interview: Temples», Sound of Boston, henta 22. desember 2014 
  13. ««Music»». templestheband.com. Henta 22. desember 2014.