Tengiz Sulakvelidze

sovjetisk fotballspelar

Tengis Sulakvelidze (fødd 23. juli 1956 i Kutaisi) er ein georgisk tidlegare fotballspelar som spelte 55 landskampar for Sovjetunionen og vann cupvinnarcupen 1981 med Dinamo Tbilisi. Han var høgreback.

Tengiz Sulakvelidze
Personleg informasjon
Fullt namn Tengiz Grigorijevitsj Sulakvelidze
Fødd 23. juli 1956 (63 år)
Fødestad Kutaisi i Sovjetunionen (noverande Georgia)
Høgd 178 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1974–1978 Torpedo Kutaisi 138 (2)
1978–1988 Dinamo Tbilisi 179 (21)
1989 IFK Holmsund 14 (1)
Landslag
1980–1988 Sovjetunionen 49 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KarriereEndra

KlubbspelEndra

Sulakvelidze var 1974-78 aktiv i Torpedo Kutaissi. I 1978 flytta han over til Dinamo Tbilisi. Året etter avgjorde han den sovjetiske cupfinalen mot Dynamo Moskva, då han som Dinamo sin sjuande eksekutør sette si straffe i mål. Same året vann Dinamo Tbilisi dobbeltsiger då laget også gjekk til topps i seriemeisterskapen i Sovjetunionen. Våren 1981 slo Dinamo ut West Ham United og der etter Feyenoord på sin veg til finalen i cupvinnarcupen. Den 13. mai 1981 sikra Tbilisi-laget seg turneringspokalen med 2-1 over Carl Zeiss Jena framfor 4 750 tilskodar på Rheinstadon i Düsseldorf. Sulakvelidze la eigenleg opp i 1988, men spelte i 1989 14 kampar for det svenske nivå 2-laget IFK Holmsund.

LandslagsspelEndra

Våren 1980 fekk Sulakvelidze sin debut på det sovjetiske landslaget. Same sommaren var han med då Sovjetunionen vann bronsemedaljen i OL-turneringa. Sidan deltok han i 1982 ved verdsmeisterskapen i Spania, der det sovjetiske laget tok seg til mellomspelet. Sulakvelidze skåra to landslagsmål, det siste då han i september 1986 fastsette sluttresultatet til 1-1 i EM-kvalifiseringskampen mot Island i Reykjavik. I juni 1988 deltok han i dei to fyrste kampane til Sovjetunionen under europameisterskapen. Han vart så vraka og fekk såleis ikkje spele EM-finalen mot Nederland, ein kamp som enda med tap 0-2. Etter 55 kampar var Sulakvelidze ferdigspelt på landslaget.

MerittarEndra

  • EM-sølv: 1988 med Sovjetunionen
  • OL-bronse: 1980 med Sovjetunionen
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1981 med Dinamo Tbilisi
  • Sovjetisk seriemeister: 1979 med Dinamo Tbilisi
  • Sovjetisk cupmeister: 1979 med Dinamo Tbilisi

KjelderEndra