Teppekast er ei handling der fleire personar held eit stort teppe eller lerret stramt og dreg i det slik at det kastar ein person på teppet opp i lufta. Teppet fungerer på liknande vis som ein trampoline, og kan reknast som ein forløpar. Skikken er kjend frå inuittisk kultur i samband med feiringar som nalukataq.

Inuittkvinner feirer kvalfangsten i Point Barrow i Alaska med teppekast. Fotografi frå 5. Thuleekspedition 1921-24.
Teppekast i Utqiaġvik under nalukataq

Eit tradisjonelt nalukataq-teppe, mapkuq,[1] kan vera laga av skinnet til fleire kvalrossar eller storkobbar, ugruk, eller i nyare tid av lerret. Det er sydd til ein stor sirkel eller eit kvadrat. Om ein er utandørs strekk ein reip frå kvart hjørne, festar det til fire trepålar (tidlegare kvalbein) og stramar det med taljer, slik at det når omtrent til livet på folk. Men og kvinner held i reip festa til kantane av teppet som dragarar, naluaqtit.[2] Med rytmisk draging stramar dei teppet slik at ein teppedansar, nalukataqtuaq,[1] blir kasta opp i lufta.[3] Teppekastinga kastar gjerne dansaren rundt seks meter opp i lufta,[2][4] men 12 meter er rekna som mogleg.[5] Målet for dansaren er som eit minimum å landa på føtene, og deretter å gjera dette så mange gonger som mogleg.[6] Dansaren kan også utføra avanserte triks som spark og saltoar.[7]

Under feiringa av nalukataq kan einkvan kastast med teppet, men tradisjonelt er det kapteinane og konene deira som blir kasta fyrst. Opphavleg kasta dei ut varer, som bardar eller tobakk,[2] klede, reiskapar eller mat som ein måte å demonstrera evna si til å støtta samfunnet på. I dag er det vanlegare for kapteinskoner å kasta godteri til barna frå lufta. Dette gjevingsritualet er også kjent som nalluġruq eller nullui.[1] Teppekastinga er høgdepunktet på festivalen, og er også kjend som nalukataq. Ho kan vara i fleire timar.

Teppekasting blir også vist fram for turistar, og er ei grein i World Eskimo Indian Olympics.[8][9] I 2000 blei ishockeyspelaren Scott Gomez kasta 20 fot, eller seks meter, opp i lufta.[10] Den tidlegare teppekast-vinnaren og delstatsrepresentanten for Alaska Reggie Joule,[11] opptredde på The Tonight Show for å snakka om teppekast.[12]

Teppekast er ei øving for kvinner og menn i World Eskimo Indian Olympics.[13][14] Eit av måla under desse leikane er å ta i taket på Big Dipper Arena,[12] no kjend som Carlson Center.

Det finst også døme på teppekast i andre kulturar, der det kan ha form som leik eller straff. Mak i Wakefield Mystery Play, The Second Shepherds' Play, og Sancho Panza i Don Quixote blir begge straffa gjennom slik kasting.

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 MacLean, Edna; red. (2014). Iñupiatun Uqaluit Taniktun Sivuninit/Iñupiaq to English Dictionary, s. 191. University of Alaska. ISBN 9781602232341.
  2. 2,0 2,1 2,2 (2014) "Blanket Toss Arkivert 2016-12-21 ved Wayback Machine.", NorthernGames.org. "The participant is expected to keep his or her balance and return upright – a particularly challenging feat if the participant does turns or flips while in the air." Henta 5. desember 2016.
  3. "Whaling: A Way Of Life Arkivert 2007-12-22 ved Wayback Machine.", Akaskool.org. Henta 3. desember 2016.
  4. Gates, Nancy (2006). The Alaska Almanac: Facts about Alaska, s. 30. Graphic Arts Center. ISBN 9780882406527.
  5. Bragg, Beth (2002 ). "Blanket Toss More Than Spectacle Arkivert 2012-10-25 ved Wayback Machine.", TurtleTrack.org.
  6. Perrin, William F.; Wursig, Bernd; and Thewissen, J.G.M. 'Hans'; eds. (2009). Encyclopedia of Marine Mammals, s. 633. Academic. ISBN 9780080919935.
  7. Burch, Ernest S. (2006). Social Life in Northwest Alaska: The Structure of Iñupiaq Eskimo Nations, s. 355. University of Alaska. ISBN 9781889963921.
  8. "Games Arkivert 2013-07-19 ved Wayback Machine.", WEIO.org (2007). Henta 4. desember 2016.
  9. Hirschfelder, Arlene B. and Paulette Fairbanks Molin (2012). The Extraordinary Book of Native American Lists, s. 430, 473. Scarecrow. ISBN 9780810877092.
  10. Stewart, Mark (2001). Scott Gomez: Open Up the Ice, s. 43. Lerner. ISBN 9780761322689.
  11. Russell, Sandra (1998). "My Experience on the Blanket Toss", Authentic Alaska: Voices of Its Native Writers p. 57–60. Andrews, Susan B. and Creed, John; red. U of Nebraska. ISBN 9780803259331
  12. 12,0 12,1 Freedman, Lew (2011). Thunder on the Tundra: Football Above the Arctic Circle, unpaginated. Graphic Arts Books. ISBN 9780882408446.
  13. "Games Arkivert 2013-07-19 ved Wayback Machine.", WEIO.org (2007). Retrieved 4 December 2016.
  14. Hirschfelder, Arlene B. and Paulette Fairbanks Molin (2012). The Extraordinary Book of Native American Lists, s. 430, 473. Scarecrow. ISBN 9780810877092.