Opna hovudmenyen

Terje Breivik (fødd 24. mars 1965 i Ulvik) er ein norsk politikar for Venstre og tidlegare skikyttar. Han har vore 2. nestleiar i partiet sidan 2012 og vald inn på Stortinget frå Hordaland fylke sidan 2013. Før dette var Breivik generalsekretær i Venstre 2004–2012 og ordførar i Ulvik herad 1995–2001.

Terje Breivik
Terje Breivik 09.jpg
Terje Breivik
Foto: Bård Ek/Venstre
Fødd 24. mars 1965

Ulvik

Parti Venstre

Innhaldsliste

PolitikkEndra

Han melde seg inn i Venstre som 22-åring i 1987, og sat i Ulvik heradsstyre 1988–2003.[1] Han var ordførar 1995–2001 og leiar i Ulvik Venstre 2001–2003. Vidare hadde han vore leiar i Hordaland Venstre sidan 2000 og medlem av programkomiteen til Venstre føre stortingsvala i 1997 og 2001 før han vart tilsett som generalsekretær sommaren 2004. Våren 2012 vart han vald til 2. nestleiar i partiet,[2] og vart seinare same året nominert som 1. kandidaten til Vestre til Stortinget frå Hordaland.

Breivik er utdanna kommunalkandidat, og har bakgrunn som gründer og dagleg leiar i breibandsselskapet INO AS i Ulvik. Han har også vore lærarvikar, rektor ved Ulvik kommunale musikkskule, leiar for eit stadutviklingsprosjekt og helse- og sosialsjef i Eidfjord kommune.[3]

IdrettEndra

Breivik vart norsk meister i skiskyting då han gjekk fyrste etappen på Hordaland sitt lag som vann 4 x 7,5 km stafett under NM i skiskyting 1991Steinkjer. Dei andre på vinnarlaget var Sverre Istad, Eirik Kvalfoss og Gisle Fenne.

KjelderEndra

  1. «Sporty rockar vil på Stortinget». NRK. 6. august 2013. 
  2. «Breivik ny nestleder i Venstre». NRK. 14. april 2012. 
  3. «Ny generalsekretær». Venstre. 8. juni 2004. 

BakgrunnsstoffEndra