Tetraterm
Tetraterm er ei uttrykk for sommarvarmen. Middeltemperaturen i dei fire månadene i vekstsesongen, i Noreg juni, juli, august og september, gjev eit uttrykk for varmeklimaet i veksttida. Innan skogbotanikken vert tetraterm bruka for å definere varmekravet som ulike treslag set for å kunne veksa naturleg. I sørlegare strok vil det vere tenleg i tillegg å ta med temperaturen i mai. Då vil pentatermen gje eit betre uttrykk for varmeklimaet.
Treslag | Tetraterm C |
---|---|
Bøk | 13,4 |
Eik | 12,6 |
Hassel, spisslønn, lind | 12,5 |
Ask, svartor | 12,4 |
Alm, sølvasal | 11,2 |
Furu, gran | 8,4 |
Rogn, gråor, hegg | 7,7 |
Osp | 7,6 |
Dunbjørk | 7,5 |
Einer | 5,3 |
Dvergbjørk | 4,3 |
Polarvier | 1,4 |
Tetraterm for Noreg vart rekna ut i NVE-rapport 31-2022, for perioden 1991–2020, 1961–1990, og endringa mellom dei.[2]
-
Gjennomsnittstemperatur (tetraterm) for månadane juni til september, 1991–2020.
-
Gjennomsnittstemperatur (tetraterm) for månadane juni til september, 1991–2020.
-
Endring i tetraterm mellom 1991–2020 og 1961–1990
Kjelder
endre- ↑ Etter A. Helland «Tregrændser og sommervarmen», Tidsskrift for skogbruk 1912, gjengjeve etter Knut Skinnemoen Skogskjøtsel 1969
- ↑ Irene Brox Nilsen, Stephanie Eisner, Hanne Heiberg. «Databehov i landbruket - Oppsummering av interessegruppemøter om klimainformasjon i landbruk» (PDF). NVE-rapport 31-2022. Henta 1. desember 2022.