Karasjok

tettstad
(Omdirigert frå Tettstaden Karasjok)

Karasjok (nordsamisk Kárášjohka) er ein tettstad og administrasjonssenteret i Karasjok kommune i Finnmark. Tettstaden ligg ved elva Kárášjohka, omkring møtepunktet mellom vegane E6 og riksveg 92, om lag 13 kilometer frå riksgrensa til Finland. Karasjok har 1 746 innbyggjarar per 1. januar 2023 og det meste av busetjinga i kommunen er konsentrert til tettstaden.[1] Tettstaden Karasjok blir lokalt også kalla for Kirkestedet.[2]

Karasjok
Kárášjohka
tettstad
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Karasjok
Areal 2,19 km²
Folketal 1 746  (2023)
Folketettleik 797 / km²
Postnummer 9730 KARASJOK
Innbyggjarnamn karasjoking
Preposisjon i Karasjok
Kart
Karasjok
69°28′00″N 25°30′00″E / 69.46666667°N 25.5°E / 69.46666667; 25.5
Wikimedia Commons: Karasjok (village)

I Karasjok kjem den samiskspråklege avisa Ávvir ut fem dagar i veka. Tettstaden er sete for ei rekkje sentrale samiske institusjonar, mellom dei Sametinget, NRK Sápmi, museet De Samiske Samlinger og Samisk spesialbibliotek. Karasjok har produksjon av jernvarer og trevareindustri. Like nord for tettstaden ligg ein seismologisk stasjon. Det er to kyrkjer i tettstaden: Karasjok kyrkje og Karasjok gamle kyrkje, som er den eldste trekyrkja i Finnmark.

Frå Karasjok går E6 nordover til Lakselv og austover til riksgrensa til Finland. Frå Kautokeino i sørvest kjem riksveg 92 og går frå tettstaden Karasjok vidare langs sørbreidda av elva Kárášjohka.[1]

Historie endre

Det første telefonsambandet mellom Karasjok og resten av Noreg kom i 1909.[3]

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «Karasjok». Store norske leksikon. 7. april 2016. Henta 26. mai 2017. 
  2. «Karasjok - Samenes hovedstad». FEIDE. Henta 26. mai 2017. 
  3. Den samiske sentralen. Telenor Norge. Vitja 21. april 2020

69°28′19″N 25°30′40″E / 69.4719°N 25.5112°E / 69.4719; 25.5112