Naustdal

tettstad i Noreg
(Omdirigert frå Tettstaden Naustdal)
For kommunen med same namn, sjå Naustdal kommune.

Naustdal er ein tettstad i Sunnfjord kommune i Vestland fylke. Fram til 2020 var det kommunesenteret i tidlegare Naustdal kommune i Sogn og Fjordane fylke. Tettstaden har 1 280 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg på nordsida av Førdefjorden, ved utlaupet til elva Nausta.

Naustdal
tettstad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sunnfjord
Areal 0,76 km²
Folketal 1 280  (2023)
Folketettleik 1 684 / km²
Postnummer 6817 NAUSTDAL
Preposisjon i Naustdal
Kart
Naustdal
61°30′39″N 5°43′00″E / 61.5108°N 5.71667°E / 61.5108; 5.71667
Wikimedia Commons: Naustdal, Sunnfjord

I Naustdal ligg Naustdal kyrkje frå 1891. Staden har vore kyrkjestad sidan mellomalderen. Den førre kyrkja var ei steinkyrkje frå midten av 1100-talet. Her ligg også Naustdal barne- og ungdomsskule og andre kommunale tenestetilbod.

Riksveg 5 går gjennom Naustdal og det er 12 kilometer til Førde og 37 kilometer til Florø. Riksveg 611 går frå Naustdal utover Førdefjorden til Vevring og Stavang.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Naustdal
  Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.