Tettstaden Oslo er heile det SSB-definerte området med samanhengande busetting kring Oslo. Tettstaden Oslo er ikkje identisk med Oslo kommune, byregionen eller Stor-Osloregionen. Oslo kommune er vesentleg mindre enn tettstaden og storbyregionen større.

Oslo
tettstad
Land  Noreg
Fylke Viken, Oslo
Kommune Oslo, Nordre Follo, Bærum, Asker,
Sørum, Rælingen, Lørenskog,
Nittedal, Lier, Lillestrøm
Areal 267,44 km²
Folketal 1 082 575  (2023)
Folketettleik 4 048 / km²
Kart
tettstaden Oslo
59°54′44″N 10°44′44″E / 59.9121148°N 10.7455867°E / 59.9121148; 10.7455867
Geografisk grense av tettstaden Oslo i 2005. Alt det lysegrøne inngår i tettstaden Oslo. Dei grå områda med raud kant rundt inne i det grøne området viser sentrumssoner i tettstaden.
Statistisk sentralbyrå-kart over dei austre delane av tettstaden Oslo (i kommunane Lørenskog, Rælingen, Skedsmo og Sørum) per 1. januar 2012.

Tettstaden strekkjer seg frå Slemmestad i Asker kommune i sørvest, til Vardeåsen i Lillestrøm kommune i nordaust, heilt ned til Langhus i Ski kommune i søraust.[1] Tettstaden Oslo har 1 082 575 innbyggjarar per 1. januar 2023.

I 2013 vart tettstadene Lommedalen, Heggedal og Nærsnes skilde ut frå Oslo tettstad.[2]

Kjelder endre

  1. «Nær 1 million bosatt i Oslo tettsted». Statistisk sentralbyrå. 19. desember 2017. Henta 22. april 2018. 
  2. «Nye og utgåtte tettsteder. 1.januar 2013». Statistisk sentralbyrå. Henta 22. april 2018.