Snåsa

tettstad i Noreg
(Omdirigert frå Tettstaden Snåsa)

Snåsa er ein tettstad og administrasjonssenter i Snåsa kommune i Trøndelag fylke med 646 innbyggjarar per 1. januar 2023. Staden ligg ved den nordaustre enden av Snåsavatnet og her bur om lag halvparten av innbyggjarane i kommunen.

Snåsa
tettstad
Kommunehuset på Snåsa
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Snåsa
Areal 0,84 km²
Folketal 646  (2023)
Folketettleik 769 / km²
Postnummer 7760 SNÅSA
Innbyggjarnamn snåsing
Preposisjon Snåsa
Kart
Snåsa
64°14′46″N 12°22′50″E / 64.2462°N 12.3805°E / 64.2462; 12.3805
Wikimedia Commons: Snåsa (village)
Jarnbanestasjonen på Snåsa

Administrasjonen i kommunen låg tidlegare i Viosen, men vart flytta då jarnbanen kom til Snåsa i 1926.[1]

Vekeavisa Snåsningen og dagsavis Trønder-Avisa er lokalavisar på Snåsa.

Kjelder

endre

Fotnotar

endre

Bakgrunnsstoff

endre