Thailandsk dans (thailandsk รำไทย, ram thai) er ei rekkje ulike former for dans som blir utøvd i Thailand.

Thailandsk nora-dans ved Nong Nooch botaniske hage i Chonburi fylke i Thailand.

Dans har tradisjonelt vore den viktigaste dramatiske uttrykksforma i Thailand, gjennom «klassisk dans» og meir folkelege dansedrama. Landet har også ei rekkje folkedansar, oppvisingsdansar som ofte stammar frå folkedansar, og ulike importerte dansar.

Khon-oppvising ved Royal Orchid Hotel i Bangkok.

Klassisk dans

endre
 
Khon framført i Frankfurt i 2006.

Khon er ein maskedans som er i slekt med klassisk indisk dans og følgjer den indiske Natyasjastra-tradisjonen. Denne dansen framstiller tradisjonelle soger frå Ramakien, den thailandske versjonen av indiske Ramayana. Koreografi, kostyme og roller er fastlagde etter tradisjonen, som stammar frå Sukhothai og Ayutthaya-riket.[1][2] Dansen er kjend for å ha 108 basistrinn. Overkroppen blir halden rett opp medan dansaren rører føtene på ulike måtar. Fingerrørsler er viktige og forteljande, og dansarar kan tidvis bruka utstyr på fingrane som gjev inntrykk av lengre negler og uthever desse rørslene.[3]

Lakhon nai (sjå under) blir ofte også rekna som ein klassisk dans.

Dansedrama

endre

Lakhon

endre

Lakhon er ei dramatisk danseform som kan fortelja fleire moglege forteljingar, som folkesoger og buddhistiske djatakasoger. Ho kan ha røter i javanesisk dans. Lakhon nai blei opphavleg berre oppført ved det kongelege hoffet av kvinner frå haremet, og har mange gestar og kostymer til felles med klassisk dans. Lakhon nok hadde opphavleg berre mannlege dansarar og blei framført offentleg, tradisjonelt ved buddhisttempel. Også her bruker ein gjerne klassiske kostyme medan nokre rollefigurar kan bruka maske. Dramaforma er friare enn khon, og kan leggja større vekt på komikk.[4]

Andre former for lakhon er påverka av vestleg teater og kan ha meir realistisk uttrykk. Forma lakhon phantang inneheld rørsler frå kinesisk kampsport.[4] Lakhon chatri er ei enkel form av dansen som blir framført ved heilage stader for å æra ånder.[5]

 
Lakhon chatri, ei danseform nært knytt til nora.

Manora, menora eller nora er ein type dansedrama frå Sør-Thailand og Nord-Malaysia. Namnet kjem frå den typiske heltinna i eit stykke, kinnarien Manora (eit vesen frå ei djatakasoge som er halvt fugl, halvt menneske). Ei førestilling kan ha forteljande, rituelle og underhaldande element. Danseforma inneheld animistiske, buddhistiske og hindu-element, men er i dag særleg ei viktig danseform blant thailandske muslimar.[6]

Ei fullstendig førestilling må haldast over fleire kveldar. Mindre delar og faste dansenummer kan framførast åleine utan kontekst.[6] Dansen er kjenneteikna av langsame, rytmiske rørsler med føter, armar og fingrar.[7]

Likay

endre

Likay er ei populær form for danseteater som ofte blir framført i landsbyar og ved tempelfestar. Handlings- og kostymeval ligg ganske fritt, og dei fargerike, glitrande kleda kan hentast frå fleire ulike periodar.

Opphavleg blei likay framført av mannlege dansarar. Etterkvart har også kvinnelege og kathoey-utøvarar kome til.[8]

Oppvisingsdans

endre
 
«Kur-dans» framført ved ei oppvising ved Royal Orchid Hotel i Bangkok i 2004.

Ei rekkje dansar med røter frå ulike delar av Thailand, både frå hoff- og folkedans, kan brukast til oppvising ved høve som høgtider, for å æra gjester eller som rein underhaldning.[9]

Ei viktig gruppe slike dansar er fon thai (eller fawn thai), som blei innført ved det thailandske hoffet av Chao Dararasami på 1800-talet.[10] Dei omfattar gjerne fon tian (lysdans), fon leb (negledans frå Chiang Mai), fon ngiew (slørdans frå Chiang Rai), fon marn gumm ber (sommarfugldans) og fon marn mong kol (gledesdans).[9] Dansen blir framført parvis, ofte av 4-6 par av kvinnelege dansarar, men ved større tilstellingar kan fleire hundre ta del.[11]

Fleire av folkedansane nemnde under blir også brukt til oppvising.

Folkedansar

endre

Det finst ei rekkje ulike typar folkedans frå ulike delar av Thailand. Landet kan delast inn i fem kulturelle regionar: Sør-, Sentral-, Aust- og Nord-Thailand og Isan (nordaust).

Sør-Thailand har nære kulturelle band til Malaysia. Mellom folkedansar herfrå kan nemnast parasoll- og viftedansen (tari kipus payong).

Sentral

endre
 
Bambusdans framført i Bangkok i 1965.

Sentrale Thailand omfattar området rundt Bangkok. Folkedansar herfrå er mellom anna kampdansar med stokkar og sverd, ein bambusdans (lao kra top maai) der dansaren tek trinn mellom rørlege bambusstokkar, og hanekampdans (rabam chon kai).

 
Danseframføring i Chiang Mai i 2006.

Lokale folkegrupper har ulike dansetradisjonar. Fleire fon-dansar kjem herfrå, i tillegg til dei nemnde over er fon sao mai, 'silkevevardansen' ein meditativ dans med langsame, elegante rørsler.

Ram dap er ein knivdans med hovudsakleg mannlege utøvarar. Dansarane opptrer med store knivar som dei svingar rundt og held mellom tennene.[10]

Fleire nordthailandske dansar er knytt til tru, mellom anna andedans, ein dans som kan brukast i rituale for forfedrane, eller fugl- og løvedansen king kala, ein dans knytt til tai yai-folk som blir framført ved wan ok phansa, høgtida ved slutten av vassa.[10]

 
Dans frå Nordaust-Thailand.

Isan eller Nordaust-Thailand er prega av møte mellom kulturar frå Thailand, Kambodsja og Laos.

Fleire dansar herfrå byrjar med namnet «serng» følgd av ein reiskap brukt i dansen, som serng krapo, 'kokosnøttdansen', serng kratip khoa, 'riskorg-dansen'.[12] Desse dansane er mykje raskare enn fon-dansane.[10]

Typiske instrument brukt til å akkompagnera dansen er ulike rytmeinstrument som langtromme, mong (ein type gonggong), pin (ein slags lutt), charb (cymbalar) grab (liknande kastanjettar) og blåseinstrumentet knene.

Andre typar dans

endre

Romvong

endre

Romvong eller ramwong er ein dans som blei populær over heile landet på 1940-talet. Han er avleidd frå den eldre folkedansen ramthone. Ramwong blir dansa parvis av fleire par. Han er karakterisert av grasiøse handrørsler.[13]

Utelivsdans

endre

Thailand er kjend for ein omfattande utelivsindustri som tilset mange dansarar. Desse kan mellom anna framføra go go-dans eller poledans. Kabaretaktige oppvisingar av kathoey ('tredjekjønna') er også vanlege.[14]

Wai kru ram muay

endre
 
Wai khru ram muay.

Wai kru er ein seremoni som blir halden før ein muay thai-kamp, og kan kallast ein rituell dans. Både oppvisinga og kampen er akkompagnert av pipande blåseinstrument, pee chawa.[10]

Dansen har som føremål å signa og visa fram boksaren og teknikken hans. Han nytter også oppvisinga til å takka læraren og familien sin.[15]

Kjelder

endre
  1. «Early Periods« Arkivert 2015-03-21 ved Wayback Machine., Asian Traditional Theatre and Dance, Theatre Academy Helsinki (TeaK)
  2. «Khon, “The Masked Pantomime”» Arkivert 2017-09-28 ved Wayback Machine., Asian Traditional Theatre and Dance, Theatre Academy Helsinki (TeaK)
  3. Thai Dancing, bambootravel.co.uk
  4. 4,0 4,1 «Lakhon, Forms of Dance-Drama» Arkivert 2016-02-24 ved Wayback Machine., Asian Traditional Theatre and Dance, Theatre Academy Helsinki (TeaK)
  5. «Thai Dance» Arkivert 2015-04-02 ved Wayback Machine., Les Clefs d'Or Thailand
  6. 6,0 6,1 «Nora, Archaic Dance-Drama» Arkivert 2016-02-25 ved Wayback Machine., Asian Traditional Theatre and Dance, Theatre Academy Helsinki (TeaK)
  7. Terry Miller & Sean Williams (2008). The Garland Handbook of Southeast Asian Music. Routledge. s. 229. ISBN 978-0-415-96075-5. ; «Menora». Dance Malaysia. Arkivert frå originalen 4. april 2011. Henta 24. september 2010. 
  8. Gray Miller [http://dance.lovetoknow.com/types-dance/thailand-folk-dance «Thailand Folk Dance»], lovetoknow.com; «Likay “Folk Operetta”» Arkivert 2016-03-15 ved Wayback Machine., , Asian Traditional Theatre and Dance, Theatre Academy Helsinki (TeaK)
  9. 9,0 9,1 «Thai Dancing» Arkivert 2012-06-23 ved Wayback Machine., kuribod.com
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 «The roots of traditional Thai dance», 1stopthailand.com
  11. «The Art of Thai Dance» Arkivert 2017-10-15 ved Wayback Machine., chiangmai-chiangrai.com
  12. Thai dances ved franzwanderer.weebly.com.
  13. «Ramwong», banramthai.com
  14. Richard Totman, The Third Sex: Kathoey: Thailand's Ladyboys 
  15. Orion Lee, «The Wai Kru: What That Funny Dance Muay Thai Fighters Do Really Means», Breaking Muscle; «The meaning of the traditional pre fight muay thai dance ritual», muay-thai-guy.com
*«Lakhon, Forms of Dance-Drama» Arkivert 2016-02-24 ved Wayback Machine., xip.fi